Øygarden er ein stor veterankommune

- Vi vil gjerne vera ein ressurs for kommunane i veteranarbeidet. Det sa oberst og veteraninspektør Morten Henriksen som saman med rådgjevar Kristin Runar besøkte Øygarden kommune på fredag.

Frå venstre; Yngvild Wiese, Kenneth Sangolt, Morten Henriksen, Tom Georg Indrevik og Kristin Runar - Klikk for stort bileteFrå venstre; Yngvild Wiese, Kenneth Sangolt, Morten Henriksen, Tom Georg Indrevik og Kristin Runar.

Frå 1978 fram til i dag har 293 personar frå Øygarden delteke i internasjonale operasjonar for Forsvaret. Dersom ein legg til dei som deltok i operasjonar i utlandet frå 1947 til 1978, er det om lag 350 veteranar i Øygarden. Dersom ein inkluderer familien til veteranane, er det langt over tusen personar som er tett på ein veteran. Mange vert påverka av at det vert sendt personell i internasjonale operasjonar.

Forsvarets veterantjeneste møtte ordførar Tom Georg Indrevik, einingsleiar for service, Kenneth Sangolt og biblioteksjef Yngvild Wiese. Kenneth Sangolt har ansvaret for å følgja opp veteranplanen som kommunestyret vedtok i 2022. Øygarden er eín av 153 kommunar i landet som har eigen veteranplan.

- Øygarden kommune har ein god veteranplan med tydelege tiltak. Med denne vedtekne planen viser kommunen at ein verdset veteranarbeidet, sa rådgjevar Kristin Runar som viste til eiga ressursside om veteranar.

Ordførar Tom Georg Indrevik er glad for at Forsvarets veterantjeneste møter kommunen på denne måten.

- Det inspirerer oss til å utvida veteranarbeidet. Vi har fått flotte innspel til å følgja opp planen og dette viktige arbeidet, sa ordføraren.

Oberst Henriksen sa at målet til veterantenesta er å bidra til at flest mogleg kommunar har fokus på veteransaka. Henriksen har sjølv delteke i internasjonale operasjonar.

- Det er viktig å understreka at det går bra med dei fleste av oss. Men over tid vil eín av ti veteranar slita. Anerkjenninga av veteranane er viktig. Mi oppgåve er å sjå til at Forsvaret gjer det som skal gjerast før, under og etter internasjonale operasjonar. Det er også viktig å hugsa på familiane til veteranane. Dersom det vert invitert til arrangement, inviter gjerne også familien til veteranen, sa han på møtet med kommunen.

Frå 2012 har 8. mai fått namnet frigjerings- og veterandagen. Denne dagen er viktig for veteranarbeidet. Om lag 15 prosent av veteranane er medlem i ein av dei tre store veteranorganisasjonane.

Lokale tiltak

Biblioteksjef Yngvild Wiese viste til at Øygarden kommune er med i eit nettverksamarbeid med Bremanger og Stadt der Øygarden særleg skal arbeida med å utvikla aktivitetar tilrettelagt for menn. Tilboda må vera på deira premisser.

Kenneth Sangolt sa at veteranplanen til Øygarden kommune er bygd på prinsippa om anerkjenning, oppfølging og ivaretaking. Han viste til viktige markeringar i Øygarden som 8. mai, 80-årsjubileum 8. mai 2025, samling til lunsj med veteranar 8. mai og deltaking på seremoni på Bergenhus Festning same dag.

Tiltak som kan utviklast er arrangement elles i året på innbyggartorga og biblioteka, førebygging og kompetanseheving og samarbeid med veteranar i samband med turar for elevar.


Tekst og foto: Vigleik Brekke