Øvde på trusselsituasjon

- ØVING – ØVING - ØVING. Vi har melding om PLIVO på gamle Sund skule. Det pågår skyting og fleire er skadde. Denne meldinga kom frå operasjonsleiar i politiet, Ole Ronny Olsen, på øvinga Øygarden brann og redning (ØBR) gjennomførte onsdag ettermiddag/kveld i samarbeid med helse og politi.

Akutt helsehjelp var sentralt i øvinga. - Klikk for stort bileteAkutt helsehjelp var sentralt i øvinga.

Dei 33 deltakarane, inklusive observatørar og markørar, fekk verkeleg prøvd seg i øvinga etter ei felles teoriøkt. Det vart seks hektiske timar for dei som deltok. 

PLIVO-aksjon er ein pågåande situasjon der ein eller fleire gjerningspersonar utøver livstruande vald med våpen eller farlege gjenstandar mot uskuldige personar.

I tillegg til øvinga onsdag kveld i sør vert det gjennomført tilsvarande øving nord i kommunen torsdag ettermiddag/kveld. Øvingsleiar Bjarte Rebnord administrerte det heile godt assistert av gode hjelparar i brannvernet, helse og politiet ved Ole Ronny Olsen. Maja Fjell Thomas leia gruppa frå Sotra legevakt. Remi Oen og Jarl Martin Hestad i ØBR har saman med Rebnord hatt eit særleg ansvar for øvinga heilt frå starten av.

- Vi gjennomfører ei øving der gjerningsmannen nyttar våpen og ei liknande øving der han truar med kniv. I øvinga må brannmannskap og helsepersonell venta med å ta seg inn i skulebygget til politiet finn det forsvarleg, seier Rebnord som i forkant av øvinga minna deltakarane om at ein skal seinka skuldrene og ha lov til å gjera feil. 

Alle romma i bygget mått sjekkast ut. - Klikk for stort bileteAlle romma i bygget mått sjekkast ut.

Øvinga gjekk vidare ut på at politiet skulla halda kontroll med rommet der gjerningsmannen heldt til. Hjelpemannskapa måtte sjekka alle rom i bygget og evakuera dei skadde. Dei skadde vart hjelpte inn i gymnastikksalen der dei fekk akutt helsehjelp. I denne øvinga var det fleire som døde og mange som vart alvorleg skadde. Nokre av markørane stod fram i psykisk ubalanse. Dette gjorde det ekstra krevjande for hjelpemannskapa.

Oppsummering

Det var ei kort evaluering etter øvingane. Øvinga der gjerningsmannen hadde skytevåpen vart gjennomført i to rundar. I øvingsrunde nummer to var det tydeleg at organiseringa av aksjonen var betre. I den andre runden fekk eín person raskt ansvar for å gjennomføra «avsøk» av romma. Dette resulterte i ein raskare og meir effektiv aksjon.

- Noko av det viktigaste er å få ei felles situasjonsforståing. Hugs å planleggja for aksjonen i bilen på veg til staden der aksjonen skal gjennomførast, minna Bjarte Rebnord om i oppsummeringa etter øvinga.

- For helse er det viktig at vi får folk fort ned hit til gymnastikksalen. Då kan vi ta imot dei og fordela dei i salen og gje behandling, sa Maja Fjell Thomas. 

Deltakarane på den første øvingsdagen - Klikk for stort bileteDeltakarane på den første øvingsdagen.

PLIVO-aksjonar er noko av det aller mest krevjande naudetatane må handtera. 

- Mellom anna må vi spørja oss kor langt vi som mannskap er villige til å gå for å redda eit liv. Dette må vi ta ei vurdering av i forkant, seier Bjarte Rebnord.

Før kvelden var omme vart det gjennomført to nye rundar med øvingar med nye scenario og evaluering av dagen. Bjarte Rebnord seier at øvingane vart gjennomførte med svært god innleving og innsats av både markørar og innsatsmannskap frå både brann og helse.

- Dette gav mykje god læring og lærings/erfaringspunkt som kan byggjast vidare på for å verta endå betre førebudd den dagen alarmen går. Progresjonen var god heile øvingsdagen og viste kor viktig det er å øva på slike alvorlege hendingar, som vi alle håpar ikkje skal skje. Som naudetatar må vi likevel vera førebudd så godt som mogleg til å handtera desse hendingane, seier Rebnord.

Her er fleire bilete:

Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Teoriøkt - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete
Frå øvinga. - Klikk for stort bilete