Orienterte om gruppeoppfølging av ungdom

NAV Vestland har i samskaping med Læringsliv utvikla ei heilskapleg teneste for gruppeoppfølging av ungdom. Prosjektet fekk fredag besøk av Statsekretær Per Olav Skurdal Hopsø frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Frå møtet med Arbeids- og inkluderingsdepartementet på fredag. Per Olav Skurdal Hopsø sit som nummer fire frå venstre. - Klikk for stort bileteDei fire representantane frå departementet noterer flittig når Astrid Gjeraker fortel. Per Olav Skurdal Hopsø sit som nummer fire frå venstre.

Rune Jacobsen i Nav Vestland fortalte at dette så langt har vore prega av mykje innovasjon gjennom denne partnarskapen. Astrid Gjeraker, som har leia ei prosjektgruppe på fem personar, presenterte saman med Sverre Konrad Nilsen frå Læringsliv modellen og erfaringane ein har hausta til no. 

NAV Øygarden har vore pioneren i arbeidet som har som formål å utvikla eit opplegg som gjennom gruppeoppfølging bidreg til at ungdom vert inkludert i samfunns- og arbeidslivet. Frå Øygarden kommune møtte leiar i levekårutvalet Ernst M Einarsen og assisterande kommunalsjef Tove Helleland. Også leiar i Øygarden Arbeidarparti, Ingvild Skaar, var til stades på møtet. Ho har fleire politiske verv. Mellom anna er ho leiar i råd for personar med funksjonsnedsetjing.

Dei er samde om at resultata så langt viser at samhandling med eksterne aktørar som har erfaringar frå andre samfunnsområde utvilsamt kan gje nye perspektiv og løysingar. I dette prosjektet nyttar ein erfaring frå leiarutvikling i næringslivet, noko som har vist seg også å kunna fungera også for andre grupper. 

Dette er heilt klart eit fyrtårnprosjekt frå Øygarden!


Tekst: Ernst M Einarsen