Orienterte om det politiske arbeidet

 - Sjølv om vi er usamde på det politiske planet i eit møte, kan vi ta ein kopp kaffi og ha det kjekt i pausen etterpå. Det sa ordførar Tom Georg Indrevik då han torsdag møtte partia/gruppene som vart valde inn i kommunestyret for komande valperiode.

Frå møtet med gruppene/partia i kommunestyret komande valperiode. - Klikk for stort bileteFrå møtet torsdag.

Eín eller to representantar frå kvar gruppe/parti deltok på møtet. Ordføraren gav innføring i kva som skal skje fram mot det konstituerande kommunestyremøtet den 26. oktober og anna relevant informasjon om det politiske arbeidet.

Han nemnde spesielt etiske retningslinjer som mellom anna handlar om gildskap og registrering av styreverv og økonomiske interesser.

- Kommunestyret i Øygarden er flink på gildskap, sa ordføraren.

Eit anna viktig tema ordføraren tok opp, var varsling og handtering av truslar mot folkevalde.

Det vart også gjeve informasjon om møteplan ut 2023, offentlegheit, prosessen for behandling av budsjettet og dagsorden på det konstituerande kommunestyremøtet den 26. oktober der ein mellom anna skal velja formannskap, ordførar og varaordførar.


Tekst og foto: Vigleik Brekke