Opsjonsavtale kan gje storinvestering i Energiparken

CCB Energy og Øygarden kommune har gjennom det felleseigde eigedomsselskapet Naturgassparken Vest AS inngått ein opsjonsavtale med Copenhagen Infrastructure Partners.

Ein pilot hydrogenfabrikk vart opna i Energiparken i oktober 2023. - Klikk for stort bileteEin pilot hydrogenfabrikk vart opna i Energiparken i oktober 2023.

Formålet med avtalen er å etablera produksjon av hydrogenbaserte energiberarar. Den planlagte etableringa inneber vesentlege investeringar og vil kunna gje mange arbeidsplassar og eit stort kompetanseløft for næringslivet. 

I ei pressemelding står det at det også vil føra til store ringverknader for eksisterande næringsliv i regionen. 

- Overgang til reine energiberarar som hydrogen og ammoniakk er svært viktige faktorar for å oppnå dei globale klimamåla, spesielt for maritim næring, transportsektoren og anna industriell næring, heiter det i pressemeldinga. 

Ordførar Tom Georg Indrevik gler seg stort over at opsjonsavtalen er på plass.

- Avtalen med CIP kan gi store moglegheiter for den vidare utviklinga av Energiparken og forhåpentlegvis danna grunnlag for neste fase av Northern Lights.  Avtalen viser at Øygarden er en viktig del av det grøne skiftet, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Les pressemeldinga her.  (PDF, 215 kB)