Opphevar totalforbod mot open eld

Den lokale forskrifta i Øygarden kommune om totalforbod mot open eld er oppheva frå og med 26. juni. Det er frå i dag og framover venta ein god del nedbør som venteleg vil redusera risikoen for utmarksbrann.

Illustrasjonsbilete (bål) - Klikk for stort bileteIll.bilete Colourbox

Øygarden brann og redning minner om at det generelle forbodet mot å gjere opp eld i skog og annan utmark gjeld fram til 15. september, med unntak for der det opplagt ikkje kan bli brann.

Øygarden brann og redning set pris på at innbyggjarar (og besøkande) har vore flinke til å etterleva forbodet mot open eld.