Opna informasjonssenter for Sotrasambandet

Måndag kunne varaordførar Torill Selsvold Nyborg offisielt opna informasjonssenteret om Sotrasambandet på innbyggartorget og biblioteket på Straume.
- Dette er ei utstilling som fortel oss om utviklinga av bru-og vegprosjektet, der vi vert oppdaterte på status i byggeperioden, sa varaordførar Torill Selsvold Nyborg og erklærte informasjonssenteret for opna.

Frå venstre; prosjektleiar i Statens vegvesen Len Sælen Rivenes, kommunikasjonsleiar i Sotra Link Gunn Eklund Breisnes og varaordførar Torill Selsvold Nyborg. - Klikk for stort bileteFrå venstre; prosjektleiar i Statens vegvesen Lene Sælen Rivenes, kommunikasjonsleiar i Sotra Link Gunn Eklund Breisnes og varaordførar Torill Selsvold Nyborg.

Informasjonssenteret er i første omgang plassert godt synleg ved inngangen til innbyggartorget og biblioteket. Her er store tavler med informasjon, brosjyrar og planar om Sotrasambandet. Informasjonssenteret vil vera bemanna tysdagar klokka 13.00 – 16.00.

- Vi gjer dette for å vera tilgjengeleg og at vi kan møta folk der dei er. Folk kan koma innom til oss og stilla spørsmål om sambandet. Seinare vil vi få på plass ein berøringsskjerm som gjer det mogleg å finna utdjupande informasjon om prosjektet, seier kommunikasjonsleiar Gunn Eklund Breisnes i Sotra Link. Sotra Link har fått oppdraget med å gjennomføra prosjektet og drifta anlegget i 25 år.

Avdeling Nansen i Læringsverkstedet Straume barnehage gledde dei frammøtte med flott song. - Klikk for stort bileteAvdeling Nansen (4-6 år) i Læringsverkstedet Straume barnehage gledde dei frammøtte med flott song.

Torill Selsvold Nyborg viste til at dette er det største norske riksvegprosjektet nokosinne med ein kostnad på 23,1 milliardar kroner.

- Det er fantastisk å kunna bruka biblioteket her på Sartor i dette opplysningsarbeidet. Sidan oppstarten i pøs regn 22. mars i år, med samferdsleminister, fylkesordførar, vegsjef og ordførar til stades, har det skjedd mykje. Når den nye brua står ferdig 1. juni 2027, vert det ei ny tidsrekning for Øygarden kommune. Då går turen til Bergen og omverda på firefelts veg. Då går det trygt, og det går snøgt! sa varaordføraren og gav prosjektet skryt for godt informasjonsarbeid.

Brede Vik hadde teikna brua.  - Eg reiser over brua når vi skal til Voss og tilbake til Øygarden, seier Brede. - Klikk for stort bileteBrede Vik hadde teikna brua. - Eg reiser over brua når vi skal til Voss og tilbake til Øygarden, seier Brede.

Det var prosjektleiar i Statens vegvesen, Lene Sælen Rivenes, som ønskte velkomen.

- Her får de oppdatert informasjon etter kvart som prosjektet utviklar seg. Vi ønskjer eit godt samarbeid med innbyggjarane. Det handlar om tryggleik og god informasjon, sa ho.

Jan Haveland var ein av dei første som tok ein runde på informasjonssenteret.

- Det er fantastisk å få eit nytt sotrasamband. Vi må bruka mykje meir pengar på samferdsle. Køande vil forsvinna med dette sambandet, seier Jan som med eit smil karakteriserer seg som ein livsnytar.

Her er fleire bilete:

Jan Haveland gler seg til nytt sotrasamband er klar til bruk. - Klikk for stort bilete
Barn får informasjon om sambandet. - Klikk for stort bilete
Jan Haveland og Torill Selsvold Nyborg - Klikk for stort bilete
Breisnes og biblioteksjef Yngvild Wiese heng opp teikningar teikna av barnehagebarna. - Klikk for stort bilete
Barna fekk kvar sin minihjelm. - Klikk for stort bilete
Hjelm - Klikk for stort bilete
PC-skjermar - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Linn Rebnord (Statens vegesen), Cari Knutsen (nabokontakt Sotra Link) og journalist i Vestnytt, Karstein Sæverås. - Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke