Opna haustutstillinga på Galleri Bildøy

Rundt 40 personar møtte opp på haustutstillinga på Galleri Bildøy på laurdag.
- Det er utruleg flott at vi har fått eit galleri her på Søre Bildøyna, sa varaordførar Torill Selsvold Nyborg som opna utstillinga.

Utstillarane på haustutstillinga saman med varaordføraren. Frå venstre; Maren Sofie Strømme, Linda Lid, Torill Selsvold Nyborg og Kjersti Nydal. - Klikk for stort bileteUtstillarane på haustutstillinga saman med varaordføraren. Frå venstre; Maren Sofie Strømme, Linda Lid, Torill Selsvold Nyborg og Kjersti Nydal.

Varaordføraren presenterte dei tre utstillarane. Maren Sofie Strømme er 62 år og bur i Bergen. Ho har malt i meir enn 35 år, og har lang og allsidig  kunstutdanning. Det har blitt mange utstillingar  i Noreg, men også gjesteutstilling i Art67 Galleri i Reykjavik i juni i år.

Kjersti Nydal er fødd i 1961 og har vakse opp i Florø. Kjersti hadde mykje fridom  til å boltra seg rundt i vill natur som barn. Det har prega livet hennart  og gjeve ein stor forventning til fridom vidare gjennom livet, som ho har lukkast med å  leva opp til. Ho flytta heimanfrå som 16-åring.

Linda Lid er er 62 år gamal og vaks opp i Eikangervåg i Alver kommune. No bur ho i Øygarden på Søre Bildøy. Ho er biletkunstnar og driv Galleri Bildøy. Linda er i hovudsak sjølvlært som kunstnar, og har alltid likt å laga ting frå ulike materiale.

- Tusen takk for hyggeleg invitasjon til kunstutstilling i Galleri Bildøy. For Øygarden kommune er dette også ein kjærkommen blom, til kunst-og kulturutviklinga i kommunen. Det set me umåteleg pris på, sa varaordføraren under opninga.

Les meir om dei tre utstillarane her (PDF, 110 kB).