Opna digital læringskonferanse med KI-tale

-  Teknologi har endra måten vi lever på, både i arbeidslivet og privatlivet. Difor er det heilt nødvendig at vi tar i bruk digitale verktøy og læringsmetodar i grunnskolen for å førebu eleven  til framtida. 

Fire hundre forventningsfulle deltakarar var på plass på Knappskog skule fredag. - Klikk for stort bileteFire hundre forventningsfulle deltakarar var på plass på Knappskog skule fredag.

Dette sa ordførar då han innleia Digg Læring-konferansen på Knappskog skule på fredag. Tema dette året var «Inkludering og god bruk av digitale verktøy».

Men ordføraren brukte ikkje eigne formuleringar i dei 218 første orda i talen sin. Den første delen av talen var nemleg ein kunstig intelligens-tale. Han hadde «bedt KI» om å få ein ferdig tale med temaet digitallæring i grunnskulen. Resultatet vart vel eigentleg ein ganske typisk statsrådtale…..

Med eigenproduserte formuleringar sa Tok Georg Indrevik at han har delteke på denne konferansen i mange år.

- Utan dykkar årelange innsats hadde vi ikkje sett denne utviklinga vi ser innanfor dette fagfeltet i kommunen vår og nasjonalt. Tusen takk for den innsatsen de gjer kvar dag for dei komande generasjonane! sa ordføraren.

Sentrale aktørar i djup konsentrasjon. Frå venstre; rektor på Knappskog skule Solfrid Kleiven, skulesjef Jon Erik Egeland, kommunalsjef for Oppvekst Marius Sylta, kommunedirektør Johnny Breivik og ordførar Tom Georg Indrevik.  - Klikk for stort bileteSentrale aktørar i djup konsentrasjon. Frå venstre; rektor på Knappskog skule Solfrid Kleiven, skulesjef Jon Erik Egeland, kommunalsjef for Oppvekst Marius Sylta, kommunedirektør Johnny Breivik og ordførar Tom Georg Indrevik.

- Det er godt å ta imot kunnskap

Mellom dei fire hundre deltakarane finn vi tre glade lærarar på Skogsvåg skule, Tonje Skåla Magnesen, Jannicke Høyland og Inge Vik. Dei har vore fleire gonger på denne konferansen, og erfaringane er gode. 

Tonje Skåla Magnesen, Jannicke Høyland og Inge Vik.  - Klikk for stort bileteFrå venstre; Tonje Skåla Magnesen, Jannicke Høyland og Inge Vik.

- Det er godt for oss å ha ein dag som denne der vi kan få noko i staden for å gje. Vi har godt med utstyr, det står ikkje på det, seier Inge Vik som er oppteken av at ein først og fremst skal ha læring i fokus og ikkje metodar.

Tonje Skåla Magnesen seier at ein er flinke til å bruka digitale hjelpemiddel i grunnskulen i Øygarden.

- Første og andre trinn nyttar vi iPad og frå tredje trinn Chromebook, seier ho.

Jannicke Høyland gav ros til Simen Spurkland som hadde det første faglege føredraget på konferansen.

Lærar i ein digital jungel

Spurkland snakka om jakta på ekte intelligens i kunstige tider og om å vera lærar i ein digital jungel. 

Simen Spurkland - Klikk for stort bileteSimen Spurkland

Alle elevane er ulike, og kva som er det beste for eleven er eit kjernespørsmål i all opplæring.

- Dette spørsmålet må svarast på nytt kvar dag av alle som jobbar i skulen, sa han.

Han stilte spørsmålet om kven det er som treng integrering.

- Det er foreldra som må integrerast. Alle foreldra er usikre på kva som er det beste for barna, sa Spurkland som har slutta å gje lekser. 

Han stilte også spørsmål om korleis du som lærar får formidla at du har lukkast. Ifølgje Spurkland handlar det om tre profesjonalitetar; domenespesifikk kompetanse og tydeleg klientgruppe, felles prosjekt og gjensidig engasjement og læreplankompetanse, undervisningskompetanse og evalueringskompetanse. 

Kommunedirektør Johnny Breivik hadde også helsing til konferansen innleiingsvis. Han sa at Knappskog skule er eit fyrtårn når det gjeld skule og digitalisering. Kommunedirektøren er imponert over kva ein får til gjennom Digg Læring-konferansen.

- Så er det viktig for meg at arbeidet her på skulen - og det kompetanseløftet denne konferansen gir – kjem heile Øygardsskulen til gode. Vi er opptatt av å løfta heile øygardsskulen! I digitaliseringsarbeidet er det viktig å utvikla balanse mellom bruk av digitale verktøy og analoge verktøy, utvikla digital kompetanse og læra elevane om nettvett, sa direktøren. 

Ingvild Vikingsen Skogestad - Klikk for stort bileteIngvild Vikingsen Skogestad

Ein kan saktens spørja seg kva Digg Læring og denne konferansen ville vore utan Ingvild Vikingsen Skogestad som til dagleg er avdelingsleiar på Knappskog skule. 

Ho har vore med frå starten i 2017 og utvikla dette til ein stor konferanse saman med gode medhjelparar.

I fjor vart det arrangert fagdag. Dette året år vart det invitert til konferanse.

- Om lag fire hundre deltakarar er her i dag. Det er på same nivå som dei siste åra. Rundt 25 utstillarar er på plass, seier ein godt nøgd konferanseleiar på den første Digg Læring-konferansen etter pandemien. 

Her er fleire bilete:


Tekst og foto: Vigleik Brekke