Open dag på brannstasjonen i Skogsskiftet

Laurdag 23. september inviterer Øygarden brann og redning og Bjørnis til open dag på den nye brannstasjon i Skogsskiftet.

Skogsskiftet brannstasjon vart offisielt opna i juni i år. - Klikk for stort bileteSkogsskiftet brannstasjon/teknisk servicebygg vart offisielt opna i juni i år.

Stasjonen vil vera open frå klokka 11.00 til 14.00. På programmet står morosame aktivitetar for heile familien. Alle som fullfører kunnskapsløypa, er med i trekning av ei premie.

Det vert servering av vaflar, pølser og saft. Du kan helsa på Bjørnis klokka 11.30 – 12.00 og klokka 13.00-13.30.

Det er parkering ved brannstasjonen og i tillegg er det mogleg å parkera ved Sotra vidaregåande skule, avdeling Skogsvåg.

Velkomen!