Ønskjer utgreiing av eigen omsorgsinstitusjon

Utval for tenester og levekår (UTL) tilrår at det innan utgangen av året vert fremja ei sak med eit driftskonsept med formål om å etablera ein omsorgsinstitusjon innan barnevernet. Det samla utvalet seg om på møtet onsdag.

Det var munter tone etter møtet. Frå venstre; Espen Cornell Jacobsen, kommunalsjef for Oppvekst Marius Sylta, Jan Utkilen og Robert Kaupang Sæle. - Klikk for stort bileteDet var munter tone etter møtet. Frå venstre; Espen Cornell Jacobsen, kommunalsjef for Oppvekst Marius Sylta, Jan Utkilen og Robert Kaupang Sæle.

I tilrådinga heiter det vidare at omsorgsinstitusjonen bør samlokaliserast med eit ressurssenter som kan tilby samordna tenester etter lov om barnevern og lov om helse- og omsorgstenester. Omsorgsinstitusjonen skal kunna tilby avlastning, akuttplassar og korttidsopphald når barnevernet må overta den daglege omsorga for barnet. Den kommunale omsorgsinstitusjonen innan barnevernet skal redusera kjøp av statlege institusjonsplassar.

Utvalet konkluderte annleis enn kommunedirektøren som innstilte på at det ikkje skal etablerast eigne kommunale barneverninstitusjonar. Tilrådinga, som går til endeleg behandling i kommunestyret, vart vedteken vart fremja av Høgre, Frp, Sotralista og KrF.

Arbeidarpartiet var skeptisk til det første alternativet der det heitte at den kommunale omsorgsinstitusjonen skulle erstatta kjøp av statlege institusjonsplassar. Etter at forslaget vart formulert om til «skal redusera kjøp av institusjonsplassar» vart tilrådinga samrøystes.

Vil ha med konkrete tiltak i strategiske planar

Utvalet tilrår strategisk plan for kultur, idrett- og frivilligheit for 2023-2027. Med seks mot fire røyster (Arbeidarpartiet og Folkets parti FNB) vart det innstilt på å endra punkt 3.1 om økonomiske konsekvensar. Der skal oppdrag 9 erstattast med at ein skal arbeida for fysaktilbod i tilknyting til allaktivitetstilbod på Ågotnes og Straume.

Vidare er det i endringsframlegget lagt inn ei rekkje nye konkrete framlegg innan tre hovudområde; Idrett, friluftsliv og aktivitet, kulturopplevingar og frivilligheit og lokal samfunnsutvikling. Arbeidarpartiet, som i utgangspunktet var positiv til slike tiltak, meinte at ei ønskeliste vil binda opp kommunestyret og redusera framtidig politisk handlingsrom og la fram ein protokolltilførsel.

Her kan du lesa endringsframlegget som fekk fleirtal. (PDF, 35 kB) Her er protokolltilførselen frå Arbeidarpartiet. (PDF, 30 kB)

I bustadsosial temaplan vart det også tilrådd endring ved at det tabellen om prioriterte bustadtypar og ny buformer vert delt etter sjette oppdrag. Resten av tabellen vert innarbeid i ein ny tabell utan investeringar og driftskostnader. (PDF, 38 kB) Endringane vert lagt inn i framlegget til bustadsosial temaplan 2023-2032.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Strakstiltak for barn og ungdom

UTL tilrår å setja i gang fleire strakstiltak retta mot barn og ungdom. Bakgrunnen for saka er at Øygarden kommune har dei siste åra hatt ein auke i utfordringar knytt til psykisk helse og rusbruk blant barn og unge. Straume-området og Sartor Storsenter har særleg blitt ein opphaldsstad som fører med seg negativ og kriminell åtferd.

Høgre, Frp, Sotralista og KrF fremja forslag om nokre endringar av innstillinga frå kommunedirektøren.

Det enda opp med eit fellesforslag i UTL slik:

1. Kommunestyret er positive til å etablere ei permanent tverretatleg og tverrfagleg Ungdomsteneste i kommunen samansett frå ulike tenester i oppvekst og helse. Tenesta bør vere tilstrekkeleg robust til å kunne handtere svingingar i utfordringsbilete og bestå av 6-8 årsverk. Det vert fremja sak om organisering, ressursbehov og moglege finansieringsløysingar inn mot budsjett og økonomiplan for 2024 – 2027

2. Som eit strakstiltak vert stillingar i ungdomstenesta sett av til arbeid med særskilde utsette grupper på ettermiddag og kveldstid.

3. Det vert for neste halvår oppretta eit forsøk med utekontaktfunksjon som er tilpassa lokale forhold i Øygarden kommune. Finansiering vert å koma attende til i revidert budsjett.

4. Øygarden kommune inngår ei avtale med Basecamp om å ha ope fredagskveld til kl. 21, samstundes som ein dei neste åra styrkar dei kommunale klubbane i tråd med behova til dei unge. 5 Det vert sett av 500.000,- til dette formålet i samband med revidert budsjett for 2023. Vidare finansiering vert å komme attende til i budsjett og økonomiplan for 2024 - 2027.

5. Kommunen jobbar vidare med organisering av eit samarbeid med frivillige organisasjonar om å få til Natteravn i Straumeområdet.

6. Det vert straks sett i gang eit arbeid med å få etablert eit allaktivitetstilbod på Straume, med tanke på uorganisert aktivitet for born og unge.

Frå møtet i UTL onsdag - Klikk for stort bileteFrå møtet i UTL onsdag.

Oppstart av arbeid med plan for førebyggande arbeid for barn og unge

Utvalet tilrår å starta opp arbeidet med planen. I tilrådinga vert det vist til at kommunestyret har vedteke oppstart av ein førebyggjande plan som skal ta for seg heile oppvekstområdet. Denne planen er meir omfattande enn dei nasjonale lovkrava i lov om barneverntenester § 3-1. om førebyggande verksemd i kommunen og barneverntenesta.

Arbeidet med førebyggjande plan mot barn og unge som vert utsette for omsorgssvikt eller utviklar åtferdsproblem (barnevernloven § 3-1) skal vera avslutta innan 1.kvartal 2024. Planen vert integrert i den endelege planen som kommunestyret har bede om.

Kommunestyret avgjer saka.

Val av medlemmer til kommunal komité for arbeid med TV-aksjonen 2023

Utval for tenester slutta seg til framlegg i saka og etablerer kommunekomiteen for TV-aksjonen slik:

Leiar av utval for samfunnsutvikling (leiar)
Sekretær Julia Valeska Woehlert, Frivilligsentralen
Stine Sanden, Frivilligsentralen
Ressursperson Sølvi Eltvik, Sund Røde Kors
Ressursperson Margareth Brown, Sotra Rotary
Ressursperson Gry Kari Randem, frivillig
Ressursperson Sirianne Hellerud, Øygarden KFUK/KFUM

Endringar i kulturlova

Utvalet tilrår framlegget frå kommunedirektøren uttale til endringar i kulturlova. Kommunestyret gjer endeleg vedtak. Les tilrådinga her. (PDF, 84 kB)

Skjenkeløyve

  • Spisekroken Ingvild AS får innvilga fast alminnelig skjenkeløyve for alkoholgruppe 1, 2 og 3, for Algrøy Gjestegård. Løyvet gjeld mellom anna med vilkår om at omsøkte lokale og utandørs areal har nødvendig bruksgodkjenning.
     
  • Panorama Hotell og Resort AS får innvilga alminnelig skjenkeløyve for alkoholgruppe 1, 2 og 3.

Tilskot

Det vart gjort ei rekkje tildelingar av tilskot til kultur og stipend. Alle vedtak vart gjort samrøystes og i samsvar med innstilling frå kommunedirektøren. Her finn du sakene der tilskota er fordelte.

Munter tone 

Dette var truleg det siste ordinære møtet i utvalet i denne valperioden, og Hege Misje (Sotralista) takka for laget.

- Vi har sett spor etter oss, meinte leiar Jan Utkilen.

- Vi har vore siviliserte og kultiverte, sa Espen Cornell Jacobsen etter møtet.


Tekst og foto: Vigleik Brekke