Ønskjer fleire ergoterapeutar

Råd for menneske med funksjonsnedsetjing (RFF) meiner det er eit aukande behov for ergoterapitenester. Under behandlinga av budsjett for 2025 og økonomiplan 2025-2028 på møtet onsdag denne veka bad utvalet om at det vert lagt inn auke av ergoterapeutstillingar og at administrasjonen løyser behovet for koordinatorar i individuell plan på ein annan måte.

Frå møtet i RFF 4. desember - Klikk for stort bileteFrå møtet i RFF 4. desember

Dette kan gjerast ved å auka eigne ressursar til formålet. I dag har ergoterapeutane også oppgåve som koordinator i individuell plan. RFF meiner det bør vurderast om dette er ein formålstenleg måte å nytta ein knapp ressurs.  

Utvalet viser også til at Øygarden kommune har eit etterslep når det gjeld bustadar for unge vaksne med funksjonsnedsetjingar. Det er per i dag venteliste på bustader, og dette er en lovpålagt oppgåve som kommunen må finna ein løysing på. 

- Det er lagt inn og planlagt for investeringar til dette formålet. Kommunestyret må sikra at det i takt med auka investering i nye bustader vert auke i driftsbudsjettet slik at ein har bemanning i dei planlagde bustadane, heiter det i vedtaket knytt til budsjettet.

Andre tilleggspunkt som vart samrøystes vedtekne i utvalet:

  • RFF opplever det som ein uheldig praksis at hjelpestønad og avlastningsdøger vert trekt frå omsorgslønn. Helsedepartementet har tilrådd at desse vert haldne åtskilde. Øygarden kommune endra praksisen sin her.
  • Sats for omsorgslønn bør tilsvara minsteløn for heimehjelparar med høgste ansiennitet. Hjelpestønad bør heller ikkje trekkjast frå omsorgslønn.
  • Det bør setjast av ein pott som organisasjonar og lag kan søkja på for å starta opp fritidsaktivitetar til menneske med funksjonsnedsetjing som ikkje kan nyttiggjera seg av ordinære tilbod.
  • RFf etterlyser pengar til aktivitetar til menneske med funksjonsnedsetjing og at midlar til desse  kjem inn igjen i budsjettet.
  • Utvalet finn ikkje  igjen beløp avsett til transport til ferie-SFO for barn med funksjonsnedsetjing. Ligg dette i budsjettet eller er det teke ut?


Kommunestyret vedtek budsjettet den 19. desember.

Nye heildøgnsplassar

RFF sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren og tilrår at vert bygd inntil 80 nye heildøgns omsorgsplassar i form av sjukeheim på allereie vedteke område ved Fjell sjukeheim. Denne saka er ei oppfølging av vedtak i kommunestyret den 31. oktober om bygging av nye heildøgnsplassar.

Lokale forskrifter

Utvalet sluttar seg til at tre forskrifter om skulereglar, skuledemokrati og hovudmål for skulane i Øygarden vert lagde ut på offentleg høyring. Utvalet tilrår at det under paragraf 4 som hovudregel vert gjeve unnatak frå øvre tak ved permisjonar som gjeld opphald i samband med habilitering/rehabilitering.

Ønskjer god tilgang til sjø

RFF sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren om at Øygarden kommune vert ein «friluftslivets år 2025-kommune», og vil støtta opp om Friluftslivets år gjennom mellom anna å etablera og driva ein møteplass mellom kommunen, friluftslivsorganisasjonar og andre som arbeider for friluftslivet. 

Utvalet ser på dette som eit godt høve for kommunen å ha eit ekstra fokus på tilgjenge for ulike funksjonsvariasjonar i naturen.

- Tilgjenge til sjø er naturleg å halde ekstra høgt, heiter det i vedtaket.

I tilrådinga til kommunestyret heiter det at kommunen vil bruka møteplassen til å skapa betre samhandling og koordinering med dei ulike aktørane, for på den måten å bidra til å nå måla for Friluftslivets år 2025, som er at folk skal; oppdaga nærnaturen sin, invitera kvarandre ut og prøve nye friluftslivsaktivitetar. Det er eit mål for kommunen at møteplassen blir vidareført etter Friluftslivets år.


Tekst og foto: Vigleik Brekke