Nyttig folkevaldopplæring

- Ettersom nesten alle folkevalde er fritidspolitikarar, er det viktig å gje dei ein god start på kommunevalperioden. Det seier ordførar Tom Georg Indrevik etter at kommunestyret og medarbeidarar deltok på folkevaldopplæring på Fjordline 16. til 18. januar.

Frå folkevaldopplæringa på Fjordline - Klikk for stort bileteFrå folkevaldopplæringa på Fjordline

Den første opplæringa for dei folkevalde vart gjort på Øygarden rådhus i november. 

Samlinga på Fjordline vart gjennomført i samarbeid med KS (fellesorganisasjon for kommunane. Totalt 70 personar deltok på opplæringa. Målsetjinga var å sikra alle den same grunnleggjande informasjonen om kva utfordringar kommunen står overfor. 

- Vidare skulle opplæringa byggja opp strategisk kompetanse hjå alle og sosialisera representantane. Ei slik opplæring bidreg til at dei folkevalde kan gjera ein god innsats for lokalsamfunnet, seier ordføraren.

Mellom temaa på folkevaldopplæringa var korleis ein kan verta ein strategisk politikar, planarbeid, nytt sotrasamband, arealdelen til kommuneplanen, dagleg drift/strategi. Det var også presentasjon av kommunalsjefområda og framtidig investerings- og driftsplanar.

Her er fleire bilete:

Frå folkevaldopplæringa på Fjordline - Klikk for stort bilete
Frå folkevaldopplæringa på Fjordline - Klikk for stort bilete
Ordførar Tom Georg Indrevik )til venstre) og kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bilete
Frå folkevaldopplæringa på Fjordline - Klikk for stort bilete
Frå folkevaldopplæringa på Fjordline - Klikk for stort bilete
Frå folkevaldopplæringa på Fjordline - Klikk for stort bilete


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Hanne Misje Lokøy og Elin Helland-Jooste