Nytt tilbod for samkøyring!

No kan du bli køyrd med bil til bussterminal, skule eller arbeidsplass. Og det er heilt gratis dersom du har periodebillett!

Alle turar som hr start eller stopp i Øygarden eller Askøy kan nytta ordninga. - Klikk for stort bileteAlle turar som har start eller stopp i Øygarden eller Askøy kan nytta ordninga. Vigleik Brekke

Bilistar i Øygarden og Askøy kan no nytta samkøyring på ruter dei vanlegvis køyrer aleine. For passasjerar med periodebillett eller som skal reisa mindre enn 10 kilometer er det heilt gratis å vera passasjer.

Samkøyring kan også bidra til å få slutt på bilkøar! På vegane som går frå Øygarden og Sotra til Bergen er det mange som brukar tid på å stå i kø.

Bruk Nabogo-appen!

Selskapet Nabogo har laga ei ordning for sjåførar om å tilby skyss til reisande på ruter som startar eller stoppar i Øygarden eller Askøy. Nabogo gjer det mogleg for sjåførar å tilby skyss til reisande på ruter som startar eller stoppar i Øygarden eller Askøy.

Prisar

Med periodebillett (ungdomsbillett, 7-, 30-, eller 180-dagersbillett): Gratis!

Utan periodebillett: Første 10 kilometer gratis, deretter 1 kr pr kilometer.

Merk at sjåføren alltid får minimum 15 kr per passasjer, for dei første 10 km, deretter 1 kr. pr. kilometer. Betaling skjer via appen til Nabogo.

Les meir på nettsida til Skyss.