Ny vidaregåande skule som OPS-prosjekt?

Ordførar Tom Georg Indrevik utfordra fylkesordførar Jon Askeland om byggja den nye vidaregåande skulen på Straume som eit OPS-prosjekt då kompetanse var tema i ein panelsamtale på Øygardskonferansen på fredag. Fylkesordføraren avviste ikkje forslaget.

Frå venstre; Sveinung Skule, Jon Askeland, Tom Georg Indrevik og Helene Frihammer. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Sveinung Skule, Jon Askeland, Tom Georg Indrevik og Helene Frihammer.

I panelsamtalen der også Sveinung Skule frå direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Helene Frihammer frå NHO Vestland deltok, vart det mellom anna snakka om realiseringa av den nye vidaregåande skulen. 

Fylkesordførar Jon Askeland sa at ny skule heng saman med utbygginga av Sotrasambandet og at også det høge rentenivået slår inn. Sotrasambandet vert bygd som OPS-prosjekt (Offenleg-privat-samarbeid).

- Det er altfor mange som reiser ut av kommunen for å gå på vidaregåande skule. Vi forventar at fylkeskommunen prioriterer ungdomen. Kan fylket vera med på å realisera den nye skulen som eit OPS-prosjekt? spurte ordføraren fylkesordføraren på direkten.

- Kom med tilbodet, så skal vi vurdera det. Vi avviser ikkje gode idear. Skulen kjem, men eg kan ikkje seia kva tid han kjem, sa Jon Askeland.

I panelsamtalen sa regiondirektør i NHO Vestland, Helene Frihammer, at ein må framsnakka yrkesfag og fagskulane. I denne samanhengen jobbar NHO inn mot yrkesopplæringsnemnda. Ho sa også at NHO har god erfaring i trepartssamarbeidet. 

Sveinung Skule understreka kor viktig det er at ungdomane fullfører vidaregåande skule og at det er eit godt tilbod om lærlingplassar.

Løft blikket

Det var sjefredaktør i Aftenposten, Trine Eilertsen, som hadde første innlegg på konferansen. Ho snakka om Øygarden sett frå austlandet, av ei frå Øygarden. Ho vaks altså opp i Øygarden (gamle Fjell kommune).

Trine Eilertsen - Klikk for stort bileteTrine Eilertsen

- Det er utruleg mykje som skjer her. Løft likevel blikket. Øygarden har mange moglegheiter. Det er betre å vera opptekne av kva vi kan bli enn av det vi er. Eg har oppdaga Øygarden etter at eg flytta ut. Fortell om dette! sa redaktøren og minna om at ein i større grad bør tenkja region enn kommune.

Administrerande direktør i Bergen Næringsråd, Monica Mæland, var oppteken av at næringslivet treng ein meir føreseieleg kvardag. 

- I tillegg til meir føreseielege rammevilkår, ønskjer bedriftene betre tilgang på kompetent arbeidskraft og at formueskatten vert avvikla, sa direktøren.

Monica Mæland - Klikk for stort bileteMonica Mæland

Ho viste til ei medlemsundersøking Bergen Næringsråd har gjort på vegner av Næringsalliansen. Den viser at færre bedrifter er positive til framtida. I Øygarden er det noko meir positiv forventing til framtida enn i resten av regionen.

- Konsekvensane av dette er at færre vågar å investera. Heile 12 prosent kjem til å nedbemanna i 2023. Litt færre har slike planar i Øygarden. Dei støste utfordringane framover er stigande rente, dyrare råvareprisar, høge straumprisar og tøffe marginar på oppdrag, sa Monica Mæland.

For mykje utanforskap

Fylkesordførar Jon Askeland hadde også innlegg på konferansen. 

- Øygarden er ein motor, men har dei same utfordringane som dei andre. Mangel på arbeidskraft er den største utfordringa framover. Det er for mykje utanforskap, og vi må få fleire unge til å gjennomføra vidaregåande utdanning. Ein av fem i arbeidspliktig alder står heilt eller delvis utanfor arbeid i Vestland. Vi treng fleire fleksible utdanningsløp, sa fylkesordføraren.

Fylkesordførar Jon Askeland - Klikk for stort bileteFylkesordførar Jon Askeland

Den sterkaste personlege historia på konferansen kom frå Hilda Beate Lygre som leiar IT-selskapet Noria. Ho er MS-sjuk og var i ferd med å verta ufør. Dette ville ho ikkje vera med på. Ho har fått tilpassa arbeidskvardagen med ei hybrid løysing der ho jamt over er på kontoret frå klokka 10 til 14 og jobbar resten heimanfrå.

- Ei hybrid løysing gjer det enklare. Eg kan liggja på sofaen og ha Teams-møte. Det bør leggjast til rette for å ha små stillingar. Folk må få avgjera sjølv om kva tid dei vil avslutta arbeidslivet. Eg er oppteken av at folk brukar restarbeidsevna si, sa Hilda Beate Lygre.

Hilda Beate Lygre - Klikk for stort bileteHilda Beate Lygre

Statistikksjef i NAV, Ulf Andersen, sa at mange slit med overgangen frå ungdom til vaksenlivet. Barn med foreldre som er uføretrygda og har dårleg økonomi, ligg dårleg an. 20 prosent av ungdomane fullfører ikkje vidaregåande skule. Ifølge Andersen ligg Noreg på topp når det gjeld sjukefråvær.

Redd for å mista kompetanse

Hilda Beate Lygre(Noria) Einar Drægebø(Harris) og Inger Kristin Ulveseth (Brødrene Ulveseth) hadde arbeidskraft som tema i ein panelsamtale.

- Etterspurnaden etter store prosjekt er mangelvare. Vi er redde for at dei vi har rekruttert, vil forsvinna. I denne situasjonen må vi leiga meir arbeidskraft, sa Inger Kristin Ulveseth.

Frå venstre Inger Kristin Ulveseth, Einar Drægebø og Hilda Beate Lygre - Klikk for stort bileteFrå venstre Inger Kristin Ulveseth, Einar Drægebø og Hilda Beate Lygre.

Einar Drægebø sa at det er mogleg og leiga inn arbeidskraft. Også kommunen kan vurdera dette. Hilda Beate Lygre sa at ikkje alle passar inn i arbeidstida åtte til fire og at folk har lyst til å jobba.

Den siste delen av konferansen handla om energi og synergiar. Andre Gill i PwC viste til at Noreg er langt frå å nå klimamåla om 55 prosent reduksjon av CO2 innan 2030. I perioden 1990 til 2022 er klimautsleppet redusert med fem prosent.

Ingrid von Streng Velken i Eviny viste til at transportsektoren gjennomfører ei omfattande elektrifisering. Eviny har bygd ut ladestasjonar i Noreg og resten av Norden. Nå stor Tyskland for tur. Det er etablert 11 landsstraumprosjekt langs kysten.

- Vi har etablert Øygarden Energy saman med CCB der vi arbeider med korleis vi kan kombinera elektrisitet med fjernvarme, sa ho.

Vertskap for det grøne skiftet

Stortingsrepresentant Ove Trellevik (H) var oppteken av at ein må lukkast i arbeidet med karbonfangst og lagring av CO2.

- Øygarden kan spela ei avgjerande rolle i det grøne skiftet, sa Trellevik.

Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Ronny Haufe og Benedicte Staalesen. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Tom Georg Indrevik, Ronny Haufe og Benedicte Staalesen.

I samtalen om synergiar sa Benedicte Staalesen i Northern Lights at det har vore seks tusen besøkande på visningssenteret i Energiparken. Ho roste både politikarane og administrasjonen i Øygarden kommune for eit framifrå samarbeid. 

Ronny Haufe i CCB Energy viste til det nyopna hydrogenproduksjonsanlegget i Energiparken. Sjølv om det er ein pilot, er det lagt til rette for ekspansjon i området.

Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at ein no har snakka om det grøne skiftet i mange år.

- Vi er i ein unik posisjon. Øygarden er privilegert som får vera vertskommune for det som skjer. Dette er vår moglegheit for å ta internasjonal plass i det grøne skiftet, men det hastar med å få utnytta fordelen av at vi er først ute, sa ordføraren.

I samarbeid med Sparebanken Vest har Vest Næringsråd delt ut pengar frå Stormfondet til prosjekt som har sitt utspring i regionen.  I år fekk PitStop og Cirka AS kvar sine 150 tusen kroner, medan Grøntponics fekk 200 tusen kroner.

Cirka AS - Klikk for stort bileteCirka ASPitStop - Klikk for stort biletePitStopGrøntponics - Klikk for stort bileteGrøntponics

 

Her er fleire bilete:

Finn Tokvam og Halvor Folgerø leia det hele - Klikk for stort bilete
Kari- Anne Landro og Anders Ekanger i Vest Næringsråd hadde det overordna ansvaret for det heile. - Klikk for stort bilete
Ingrid von Streng Velken - Klikk for stort bilete
André Gill, PwC - Klikk for stort bilete
Kaptein John Hammersmark - Klikk for stort bilete
Kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bilete
Hanne Misje Lokøy - Klikk for stort bilete
Musikantar - Klikk for stort bilete
Prat med bordet - Klikk for stort bilete
Prat - Klikk for stort bilete
Prat med bordet - Klikk for stort bilete
Ulf Andersen, NAV - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Lene Sælen Rivenes i Sotrasambandet gav siste nytt om arbeidet med bru- og vegprosjektet. - Klikk for stort bilete
Bram Timmermans, NHH - Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke