Norsk-polsk samarbeid om betre lokalsamfunn

Framtidsretta og utviklingsorienterte polske byar til Øygarden for dialog og erfaringsutveksling. 

Norsk-polsk samarbeid - Klikk for stort bilete

Torsdag 30. mars avslutta 14 polske byar og tettstadar eit 3-dagars besøk i Noreg med ein tur til Øygarden. 

Byar som Poznan, Tuchy, Wroclaw og Gdansk har utmerka seg i Polen med satsingar på bruk av data til å forbetre innbyggartenester, nyutvikling av tenester, tilgjengeleggjering av informasjon, med meir. I regi av den polske systerorganisasjonen til KS (Association of Polish Cities) var dei i Noreg for å utveksle erfaringar og sjå på tilsvarande initiativ. Alle som deltok hadde hatt prosjekt som hadde utmerka seg i Polen. 

Innbyggartorg og bibliotek på Straume var vertskap og arena for besøket. I løpet av ein fullspekka dag fekk delegasjonen innblikk i:

  • Kommuneadministrasjonen sine erfaringar med bruk av digitale verktøy til bruk i innbyggardialog i planprosessar ved rådgjevar Sven Kallevik.
  • Organisasjonen MOT sitt arbeid for å gjere ungdom robust og klar for vaksenlivet med leiar av MOT, Regine Oen Hatten. 
  • Involvering av innbyggarar i arbeidet med den fyrste samfunnsplanen ved samfunnsplanleggarar Eli Fosso og Kristina Espeseth. 
  • Korleis kommunen arbeidar med å gjere tilgjengeleg hallar, fasilitetar og utstyr til organisasjonar og innbyggararar ved frivilligkoordinator Julia Valeska Woehlert. 
  • Korleis innbyggartorg og bibliotek legg til rette for offentlege diskusjonar og sosiale møteplassar ved leiar for innbyggartorg og bibliotek, Yngvild Wiese. 

I lunsjpausen var høgdepunktet ein kulturell godbit frå kulturskulen. Ole Vincent Sandvik (5. klasse) song Little People frå musikalen «Les Miserables.» 

Ordførar Tom Georg Indrevik og kommunedirektør Johnny Breivik helsa på besøket. I sine ord til gjestene, la Indrevik vekt på behovet for at Europa står samla, og at dialogen og erfaringsutvekslinga mellom landa fortset i eit godt spor. Spesielt i den krevjande situasjonen Europa no står i. 

Christian Larsen frå KS og Alicja Stachowiak frå Association of Polish Cities var nøgd med besøket til Øygarden. Dei framheva at spesielt satsing på, og involvering av ungdom var av stor interesse, også for framtidig samarbeid. Både KS og den polske systerorganisasjonen er med i det pågåande samarbeidet mellom Øygarden og den polske byen Krosno. Krosno var ikkje ein del av dette besøket, men tema både tema som å skapa robust ungdom, innbyggarinvolvering, leiing og utvikling vil vere  sentralt i dette framtidige partnerskapsarbeidet.

Tekst: Kenneth Sangolt, leiar for Service
Alle foto: Farshid Amini, Innbyggartorg og bibliotek.

Fotogalleri

Bukett i polske fargar - Klikk for stort bilete
Leiar for service, Kenneth Sangolt, ynskja gjestene velkomen - Klikk for stort bilete
Både polens tredje største by og mindre stadar var på besøk - Klikk for stort bilete
Rådgjevar Sven Kallekleiv fortalde om bruken av digitale verkty til medverknad i  planarbeid - Klikk for stort bilete
Diskusjon i salen om bruken av digitale, her er innlegg frå Gdansk sin representant - Klikk for stort bilete
Innlegga var på engelsk, men vart simultanoversatt til polsk (dingsen på øra er for å høyra oversetjinga) - Klikk for stort bilete
Regine Oen Hatten er leiar for MOT i Noreg og haldt innlegg om organisasjonen sin  - Klikk for stort bilete
MOT og korleis lage robust ungdom skapte store diskusjonar - Klikk for stort bilete
MOT-innslaget vart avslutta med at polsk delegasjon braut ut i allsong leia frå scena - Klikk for stort bilete
Ole Vincent Sandvik frå kulturskulen i Øygarden framførte Little People, kjend frå musikalen Les Miserables. Den klåre røysta vekka stor begeistring  - Klikk for stort bilete
Ole Vincent og kulturskule-dirigent Åshild Eriksen - Klikk for stort bilete
Spesialrådgjevar Christian Larsen frå KS - Klikk for stort bilete
Ordførar Tom Georg Indrevik helsar på representanten frå Gliwice - Klikk for stort bilete
Kommunedirektør Johnny Breivik og Christian Larsen frå KS - Klikk for stort bilete
Torill Martinson frå innbyggartorg og bibliotek var eit varmt og profesjonelt vertskap for dagen - Klikk for stort bilete
Eli Janette Fosso haldt innlegg om medverknad i samfunnsplanen til den nye kommunen - Klikk for stort bilete
Kristina Espeseth frå plan fortalde om datagrunnlag og kunnskapsbasen som låg til grunn for planarbeidet  - Klikk for stort bilete
Julia Valeska Woehlert er frivilligrådgjevar og fortalde om korleis kommunen arbeidar for å gjere ressursar tilgjengelege for alle - Klikk for stort bilete
Leiar for innbyggartorg og bibliotek, Yngvild Wiese fortalde om arbeid med å skapa moderne møteplassar på Straume, Rong og Skogsskiftet - Klikk for stort bilete
Alicja Stachowiak representerer Association of Polish Cities som er den polske versjonen av KS. Ho var nøgd med besøket til Øygarden - Klikk for stort bilete