Nominert til Årets kreftsjukepleiar

Kreftkoordinator Inger Fosse var ein av tre nominerte til å verta Årets kreftsjukepleiar 2023.

Inger Fosse - Klikk for stort bileteInger Fosse Vigleik Brekke

Landskonferansen i kreftsjukepleie vart arrangert i Tønsberg 13. – 15. september. 600 personar deltok på konferansen.

Det var kreftsjukepleiar i Øygarden, Toril Sirhaug, som nominerte Inger Fosse til prisen. Ho viste til at Inger Fosse har mange års erfaring med å jobba på kreftavdeling på sjukehus. Etter at ho kom til tidlegare Fjell kommune, gjekk det ikkje så langt tid før ho i samarbeid med kommunen og Kreftforeningen fekk utvikla og oppretta ei prosjektstilling som kreftkoordinator.

- Den jobben gjorde ho så godt at då det var slutt på prosjektmidlane, så valde heldigvis kommunen å la henne halda fram i stillinga. Ho har etter kvart blitt ein viktig deltakar i Nettverksgruppa for ressurssjukepleiarar i avdeling vest som medlem i styringsgruppa og leiar den lokale gruppa for ressurssjukepleiar i Øygarden kommune, skriv Toril Sirhaug i nomineringa.

I tillegg har Inger Fosse drifta "Temakafé", og har ansvar for sorggruppe. Det siste ho har fått gjennom etter ein lang søknadsprosess, er midlar til prosjekt "Fullføring av et liv", der prosjektet no er i startfasen.

- Inger er ein engasjert og kunnskapsrik sjukepleiar som det er kjekt å samarbeida med, og som det alltid er mogleg å rådføra seg med. Ho står på for faget sitt, men er ikkje den som ropar høgast om det ho har fått til. Hun fortener absolutt å bli gjort stas på, skriv Toril Sirhaug.