No startar vi demenskor!

Dei fleste fekk med seg NRK-serien om demenskor som rørte og engasjerte mange. Vi ønskjer difor å starta opp eit slikt tilbod i kommunen vår, og har engasjert demenskoordinator, musikkterapeutar og frivillige til å leia korsamlingane.

Mikrofonar | Foto: Pixabay - Klikk for stort bilete

Dato | Tid | Stad

Kvar torsdag kl. 12.00 - 13.oo | Grønatunet fellesrom, Grønamyrsvegen, Straume (sjå bilete under)
Første samling er torsdag 4. mai.

Grønatunet fellesrom, Grønamyrvegen, 5353 Straume v/ Einarsengården og Radio Sotra (ein kan ut frå Bunnpris og opp bakken). - Klikk for stort bileteGrønatunet fellesrom, Grønamyrvegen, 5353 Straume v/ Einarsengården og Radio Sotra (ein kan ut frå Bunnpris og opp bakken).

Det er mange påmeldte, og det er plass til fleire! Både koristar, og andre som kan tenkja seg å bidra inn mot denne satsinga, er hjarteleg velkomne. 

Det vil vera eit sosialt tilbod med kaffi , te og noko å bita i etter øvinga.

Påmelding

Du kan melda deg på til Aksjonssenteret på telefon 55 09 70 00 eller e-post aksjonssenteret@oygarden.kommune.no

Arrangør

Logoen til TREFF+ - Klikk for stort bilete

Hovudsponsor

Logoen til Sparebanken Vest - Klikk for stort bilete