No startar bygginga av ny bru
Den nye brua mellom Bergen og Øygarden er verdas største heildigitale hengebru. Denne veka (39) skal dei ferdigstøypte senkekassane til brutårnet i Knarrvika fraktast på lekter og seinkast på plass.
Slik vert brua sjåande ut.
Brua er designa og prosjektert av Norconsult for Sotra Link. OPS-prosjektet riksveg 555 Sotrasambandet starta bygginga i vår og skal opna for trafikk sommaren 2027. Brua har eit hovudspenn på 608 meter og ei lengde på 901 meter.
Senkekassane er støypt og står ferdige på CCB-basen på Ågotnes. I løpet av veke 39 skal dei løftast over på lekter og fraktast til Knarrvika.
– Dette er ein stor og viktig milepåle for oss, seier assisterande byggjeleiar i Sotra Link Construction, Alson Bae.
Les meir på nettsida til Sotra Link.
Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: Norconsult
Publisert 25.09.2023 22.44