No er Sotra Villmarksenter miljøsertifisert

Torsdag denne veka fekk leiinga i Sotra Villmarkssenter overrekt Miljøfyrtårn-sertifikatet av ordførar Indrevik.
- Dette kan bidra til at vi gjennomfører tiltaka og aktivitetane endå betre, seier marknadskoordinator Erlend Sæle.
 

Frå venste; Erlend Sæle, Roger Skoge og Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteFrå venste; Erlend Sæle, Roger Skoge og Tom Georg Indrevik.

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Sotra Villmarkssenter har basen sin i lokale i området ved den gamle russarleiren like sør for Fjell sentrum, medan administrasjonen held til i Gründerparken på Straume teknologisenter. Senteret har ein omsetnad på om lag 3,5 millionar kroner og tilbyr lagbygging (teambuilding) for bedrifter og andre grupper. I løpet av eitt år deltek tre tusen personar i aktivitetane. 

Øygarden kommune har avtale med Sotra Villmarksenter der dei om lag 550 femteklassingane i kommunen får tilbod om overnattingsopplegg på Fjell festning.

- For å verta sertifisert som Miljøfyrtårn, må vi kartlegga og dokumentera korleis aktivitetane våre påverkar miljøet. Det handlar mykje om bevisstgjering og korleis vi på ulike måtar kan betra arbeidsmiljøet, seier dagleg leiar Roger Skoge.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at miljøsertifisering er viktig for bedriftene, kommunen og lokalsamfunnet.

- Jo fleire bedrifter som vert Miljøfyrtårn, jo fleire etterspør dette. Det er ingen tvil om at forbrukarar og kundar i framtida i større grad vil prioritera sertifiserte bedrifter, seier ordføraren. 

Sotra Villmarksenter har sida oppstarten i 1996 gjeve tilbod om blåturar, teambygging for små og store grupper, undervisning om teamroller, aktivitetar og opplegg for skular.
 

Tekst og foto: Vigleik Brekke