No er branntilhengjaren på plass

Denne veka kunne endeleg Olav Hauge få presentert draumen sin om å få overlevert ein branntilhengjar full med mobilt brannvernutstyr til Øygarden brann og redning.
- Vi har samla inn 658 tusen kroner frå næringslivet, og dermed fullfinansiert prosjektet. Kjem det inn meir pengar, går det rett inn i prosjektet, seier Hauge.

Olav Hauge til venstre viste fram og demonstrerte bruken av utstyret saman med brannmannskap. Til høgre; branningeniør Jan Gaute Haug. - Klikk for stort bileteOlav Hauge til venstre viste fram og demonstrerte bruken av utstyret saman med brannmannskap. Til høgre; branningeniør Jan Gaute Haug.

Måndag var det demonstrasjon av ustyret i tilhengjaren ved Kårtveitpollen. På tysdag vart tilhengjaren flytta med helikopter til brannstasjonen på Ågotnes.

Tidlegare leiar av styret i Øygarden brann og redning. Per Rune Eikeseth er svært glad for at brannvesenet har fått dette viktige supplementet.

- Det er fantastisk at Olav har teke initiativ til dette og fått det gjennomført. Vi hadde ikkje rammer til å gå til innkjøp av ein slik tilhengjar. I utviklinga av denne tilhengjaren har det vore ein tett og god dialog mellom Olav Hauge og Jan Gaute Haug i brannvernet , seier Eikeseth som leia styret fram til 1. april då brannvesenet vart avslutta som kommunalt føretak og vart ein del av kommunalsjefområdet Organisasjon og samfunnssikkerheit.

Her vert det gjort klar for å pumpa opp vatn ved demonstrasjonen ved Kårtveitpollen måndag denne veka. - Klikk for stort bileteHer vert det gjort klar for å pumpa opp vatn ved demonstrasjonen ved Kårtveitpollen måndag denne veka.

Den nye branntilhengjaren med utstyr er særleg effektiv som supplement når det brann i terrenget og ein har vanskar med å koma til med tyngre brannvernutstyr. I tilhengjaren er det mellom anna to pumper på 20 kilo (26,2 bar trykk) og to pumper på ni kilo (6 bar trykk). Dei største pumpene har ein kapasitet på 371 liter.

- Dette utstyret er spissa mot utmarksbrannar. Det er lettare enn vanleg brannvernutstyr og vi kan bera det ut i terrenget. Vi kan også fly dette utstyret ut i terrenget med helikopter. Det er totalt 1 100 meter med brannslangar. I tilhengjaren er det mellom anna løvblåsar og økser. I det heile tatt er dette ein stor verktøykasse for skogbrannar som er lett å bruka, seier granningeniør Jan Gaute Haug .

Olav Hauge seier at utstyret er kjøpt inn i samråd med Øygarden brann og redning.

- Vi har kjøpt inn det beste i marknaden, seier han.

Her er fleire bilete:

Frå demonstrasjonen  - Klikk for stort bilete
Frå demonstrasjonen  - Klikk for stort bilete
Frå demonstrasjonen  - Klikk for stort bilete
Frå demonstrasjonen  - Klikk for stort bilete
Her er leiarar av Rema 1000 forretningar samla saman med tidlegare styreleiar i Øygarden brann og redning Per Rune Eikeseth. Dagleg leiar av forretninga på Ågotnes, Thor Vidar Nilsen, kunne fortelja at ved lyngbrannen i juni 2021 stoppa brannen berre eit par hundre meter frå forretninga.  - Klikk for stort bilete
Frå demonstrasjonen  - Klikk for stort bilete
Frå demonstrasjonen  - Klikk for stort bilete
Frå demonstrasjonen  - Klikk for stort bilete
Oversikt over sponsorar. - Klikk for stort bilete
Frå demonstrasjonen  - Klikk for stort bilete
Frå markeringa på brannstasjonen på Ågotnes. - Klikk for stort bilete

Olav Hauge og marknadssjef i Tysse, Gisle Låsta - Klikk for stort bilete
Frå markeringa på brannstasjonen på Ågotnes. - Klikk for stort bilete

Tekst og bilete: Vigleik Brekke