Espen Cornell Jacobsen (Ap) fremja alternative forslag både i saka om sommarstengde barnehagar og i saka om bygging av omsorgsbustader i samarbeid med private aktørar.
Elles vedtok LKU å ta evaluering av saka om sommarstengde barnehagar til orientering.
Tilrådinga frå utvalet vart gjort med røystene til Høgre, Sotralista-TVØ og KrF (seks røyster).
I september 2023 og januar 2025 svarte styrarane i dei kommunale barnehagane på evalueringsskjema om erfaringa med sommarstengde barnehagar som vart innført frå sommaren 2023.
Espen Cornell Jacobsen (Ap) meinte at svara frå barnehagane ikkje nødvendigvis gjenspeilar haldningane til dei føresette.
Difor føreslo han eit tillegg på tre punkt om at det vert gjennomført ei brukarundersøking blant føresette for barna i dei kommunale barnehagane. Undersøkinga kan innhentast gjennom dei vanlege kommunikasjonskanalane som finst mellom barnehage og foreldre. Brukarundersøkinga bør vera enkel og tydeleg samstundes som ho gjev foreldra høve til å gje uttrykk for haldninga si og eventuelle utfordringar eller fordelar dei opplever med sommarstengde barnehagar.
Etter gruppemøte valde fleirtalspartia å ikkje støtta dette forslaget.
Forslaget frå Arbeidarpartiet fekk fire røyster (Ap, INP og Sp).
Bygging av omsorgsbustadar i samarbeid med private aktørar
Levekårsutvalet slutta seg samrøystes til innstillinga frå kommunedirektøren om å leggja fram revidert behovsanalyse for helse og velferd våren 2025. I tilrådinga vert kommunedirektøren beden om å førebu kunngjering av ein konkurranse for bygging av omsorgsbustadar for personar med heildøgns omsorgsteneste. Prosjektet skal fylla vilkår for investeringstilskot og realiserast i 2029/2030. Det skal fremjast ei sak juni 2025 som skildrar korleis ei slik anskaffing kan gjennomførast.
Arbeidarpartiet ved Espen Cornell Jacobsen fremja to tilleggspunkt der det vert bedt om at det vert fremja ei sak som vurderer om kommunale tomter som vert lagde ut for sal kan vere aktuelle for utvikling av kollektiv/klyngetun. Øygarden kommune må utfordra private utbyggjarar om å byggja tilrettelagde bustader i klynge eller som ei form for kollektiv.
- Klyngetunet/kollektivet skal ha eit fellesareal der bebuarane kan laga mat i fellesskap samstundes som dei har areal for sosiale samlingar m.m., heiter det i dette framlegget.
Framlegget fekk fire røyster (Ap, INP og Sp) og fekk ikkje fleirtal.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Salsløyve for alkohol
Wollertsen AS har søkt om nytt salsløyve for alkohol for Bunnpris Ågotnes senter i samband med verksemdsoverdraging. Utvalet innvilga salsløyve for alkohol gr. 1 i omsøkte lokale på Ågotnes senter. Løyvet gjeld fram til 30. september 2028.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Her kan du sjå møtet på kommune-TV i opptak.
Tekst og foto: Vigleik Brekke