Mykje på agendaen for Øygarden næringsutvikling i juni

Det siste månadsbrevet frå Øygarden næringsutvikling KF viser at det skjer mykje innan næringslivet i kommunen og regionen.

Øygarden næringsutvikling KF

I juni-brevet kan du mellom anna lesa om ei undersøking der det er stilt spørsmål om kor næringsvennleg Øygarden kommune er.

Det er kome inn rundt 250 svar. Svara skal analyserast av eit eksternt konsulentselskap. Dette skal vera grunnlag for konkrete tiltak som skal følgja dei overordna måla i samfunnsdelen til kommuneplanen som vart vedteken i 2022.

Andre tema i juni-brevet er utnytting av fjernvarme frå fjorden, grøn omstilling og ekstremsport.

Les junibrevet her. (PDF, 7 MB)