Mykje nedbør og kraftig vind på onsdag

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om kraftig uvér for delar av Vestlandet og Midt-Noreg. Vestlandet sør for Stad vil få mykje nedbør og kraftig vind.

Uver - Klikk for stort bileteIll.foto Kjell Andersland

Ut på dagen på onsdag viser prognosane til dømes over Sotrabrua stiv kuling frå sør med vindkast på opptil 28 meter i sekundet. Mellom klokka 12 og 17 er det venta opp mot 40 millimeter regn i området vårt. Også natt til torsdag er det meldt om kraftig vind.

Det vert oppmoda om å vera merksam på den sterke vinden og sikra og flytta verdiar vekk frå utsette område. Ver også merksam på at enkelte vegstrekningar kan vera særleg utsette for sterk vind.

Sjå verprognose på yr.no. (Sotrabrua)