Møtte landslagsutøvar i karate

Susanne Thorsen Berg frå Ågotnes hadde lunsj med ordførar Tom Georg Indrevik på onsdag denne veka.
- Karate gjev meg god disiplin og struktur på livet, seier Susanne.

Frå venstre; Øyvind Berg, Susanne Thorsen Berg og Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Øyvind Berg, Susanne Thorsen Berg og Tom Georg Indrevik.

Susanne er på landslaget i karate og tok to gull og ein sølv i ein cup tidlegare i oktober. No ventar ho i spenning på uttaket til EM i Spania tidleg i desember. 

Ho er ei travel jente som skal ha tid til skulegang på Olsvik vidaregåande skule (2. året) og ungdomspolitisk engasjement i ungdommens kommunestyre. Sjå valvideo ho produserte saman med andre UKS-medlemer i september.

- Eg er jo spent på om eg vert teken ut til EM. Eg har trent godt og har stor tru på at eg vert teken ut til å representera Noreg, seier karateutøvaren som skal delta i nordisk meisterskap og ein cup i Tyskland om kort tid. 

Susanne Thorsen Berg driv med shotokan (tradisjonell karate) som er ein av dei største stilartane innan karate. Ho er på landslaget i denne stilarten. Ho høyrer til i ein relativt liten klubb, Øygarden Karateklubb (tidlegare Ågotnes Karateklubb). Treningane er i lokala hjå Ågotnes Sveis. 

- Eg trenar eigentleg kvar dag, totalt seks til ti timar i veka. Klubben er liten og eg trenar stort sett saman med godt vaksne. Treningane er intense der vi legg vekt på styrke, kondisjon, løping og basistrening i tillegg til den tekniske delen.

Godt miljø

- Korleis opplever du karatemiljøet?

-  Det er eit veldig godt miljø i klubben. Eg har fått eit personleg treningsopplegg. Treninga kan opplevast som litt kjedeleg, og eg må vera tolmodig og vera innstilt på mykje terping, seier Susanne som har drive med karate sidan ho var fem år.

Ordførar Tom Georg Indrevik set stor pris på å verta betre kjent med Susanne og denne idrettsgreina.

- Det er svært viktig for ungdomen å finna eit miljø som dei trivst i, seier han.

Faren til Susanne, Øyvind, driv også med karate og har vore ein viktig støttespelar for Susanne i klubben. Han seier at Susanne alltid har vore interessert i karate. 

- Utfordringa er økonomien. Klubben har ikkje råd til å dekkja alle utgiftene til reis og opphald på ulike meisterskap. Kampsportforbundet, som er medlem i Norges Idrettsforbund, dekkjer gjerne ein del av kostnadene. Resten må den lokale klubben og utøvaren sjølv betala, seier Øyvind Berg.


Tekst og foto: Vigleik Brekke