Modulane for dagsturhytte er på plass

Onsdag denne veka vart hyttemodulane flogne opp på Veten ved hjelp av helikopter.  Dette er tredje og siste dagsturhytte i Øygarden.

Modulane vart frakta opp til Veten med helikopter. - Klikk for stort bileteModulane vart frakta opp til Veten med helikopter.

Tidlegare er det sett opp dagsturhytte i Foldnesmarka (Larslibua) som vart opna i mars 2021 og Rambua ved Blomvåg (opna i januar2023)

Hytta vert plassert sør for masta, nært minnesmerket for ein flystyrt i 1948. Det var eit militærfly med ni personar om bord som styrta inn i Førdesvegen den 6. september 1948. To personar overlevde ulukka.

Stad Kystbygg skal ferdigstilla hytta som skal vera klar i løpet av august. Kulturminne- og friluftsrådgjevar Julie Berge Westlye opplyser at dagsturhytta skal driftast av Strandatunet bygdelag. Dei var på plass under utflyginga for å ta imot materiale dei skal bruka for laga til stien opp til hytta.

- Mange vaksne og barn stilte opp for å sjå helikopteret Det var god stemning blant turgåarar som kom forbi, seier Berge Westlye.

Dagsturhyttene er eit fylkesbredt prosjekt på initiativ frå Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Hyttene er gratis og tilgjengelege for alle døgeret rundt, heile året.

Målet med hyttene er å stimulera til turglede i trygge rammer, med eit flott turmål på 15-90 minuttars fottur frå løypestart, der du kan eta matpakka di, varma (evt. tørke) kroppen ved peisen, og kose deg med bøker frå hyttebiblioteket. Du finn alle dagsturhyttane i Vestland på Dagstuhytta.no.

Her er fleire bilete:

Frakt av hytte til Veten - Klikk for stort bilete

Foto: Julie Berge Westlye