Minus på 37,5 millionar i fjor

Rekneskapen for 2024 viser eit negativt netto driftsresultat på 37,5 millionar kroner. Året før viste rekneskapen ein minus på 19,8 millionar kroner.

Kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bileteKommunedirektør Johnny Breivik

Utfordringane er størst innan sosiale tenester som barnevern og NAV. Oppvekst hadde eit meirforbruk på 57 millionar kroner i fjor. For Helse og velferd var meirforbruket på 31 millionar kroner. Dei andre kommunalsjefområda hadde mindreforbruk i forhold til budsjettet.

Kommunedirektør Johnny Brevik seier at samfunnsutviklinga og dyrtida utfordrar kommunen og at årsrekneskapen er eit resultat av dette.

- Utgiftene knytt til sosiale tenester aukar kraftig. Sjølv om vi har halde igjen innan administrative- og tekniske tenester, kompenserer ikkje dette for den store kostnadsauken til barnevern og sosialstønad, seier kommunedirektøren.

Ekstrainntekter

Rekneskapen viser totale inntekter og utgifter på om lag 3,7 milliardar kroner. Eigedomsskatten utgjorde 183 millionar kroner i fjor (sju millionar kroner meir enn budsjettert), utbytte var på 45 millionar kroner (pluss 7,5 millionar kroner) og kommunen fekk utbetalt 57,6 millionar kroner frå havbruksfondet (36,6 millionar kroner meir enn budsjettert). Skatteinntektene i 2024 utgjorde 1,4 milliardar kroner. Dette er 15 millionar kroner mindre enn budsjettert.

Utgiftssida viser renteutgifter på 185,7 millionar kroner som er 14.7 millionar kroner meir enn budsjettert. Pensjonsutgiftene var på 206 millionar kroner. Dette er 23 millionar kroner meir enn i 2023.

Ved utgangen av året hadde Øygarden kommune ei lånegjeld på om lag tre milliardar kroner. 

Kommunalsjef for Finans og økonomi, Anne Erdal, opplyser at kommunedirektøren på neste formannskapsmøte vil leggja fram oversikt over strakstiltak for å snu den negative utviklinga og prosess for meir langsiktige tiltak.

Rekneskapen er sendt til revisjon i dag (21. februar). Årsmeldinga vil innehalda ein analyse av tala.

 


Tekst og foto: Vigleik Brekke