- Miljøfyrtårnsertifikat viktig for bedrifta vår

Torsdag var det Nordic Green Products (NGP) på Straume sin tur til å få overrekt Miljøfyrtårnsertifikat frå ordførar Tom Georg Indrevik.
- Dette kan hjelpa oss til å verta endå meir målretta og miljøbevisst, seier dagleg leiar Raymond Engelsen.

Dagleg leiar Raymond Engelsen får overrekt Miljøfyrtårnsertifikat av ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteDagleg leiar Raymond Engelsen får overrekt Miljøfyrtårnsertifikat av ordførar Tom Georg Indrevik.

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Nordic Green Products starta verksemda på Laksevåg i 2016. No har dei base og produksjonslokale på Straume med avdelingar i Kvinnherad og Mo i Rana. Bedrifta utviklar og produserer giftfrie bioreingjeringsprodukt. Dei brukar ein teknikk der ein slepp mykje sandblåsing. Eitt av dei viktigaste produkta er å reingjera bokskjølarar. Mange av kundane er nokså langt unna Straume.

- Om nokre dagar reiser medarbeidarar til Singapore, Qatar og Namibia, seier Engelsen.

Frå venstre; Hallvar Einevoll (styreleiar),  Atle Falk (salsdirektør), Raymond Engelsen (dagleg leir), Øyvind Seglem (operatør), Thomas Aleksandersen (supervisor), Sverre Vik (supervisor) og ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Hallvar Einevoll (styreleiar), Atle Falk (salsdirektør), Raymond Engelsen (dagleg leiar), Øyvind Seglem (operatør), Thomas Aleksandersen (supervisor), Sverre Vik (supervisor) og ordførar Tom Georg Indrevik.

Omsetnaden har gått kraftig oppover sidan starten i 2016. I 2022 var omsetnaden på 14 millionar kroner. Dei seks tilsette har heile verda som marknad, og kunne etter oppbyggingsåra leggja fram eit plussresultat for 2022. For å kunna etterkoma etterspurnaden, samarbeider NGP med fleire aktørar. Selskapet er ISO sertifisert (14001 og 9001).

- Miljøfyrtårnsertifikatet passar som hand i hanske for oss. Vi er ei miljøbedrift, og produkta våre utgjer ein forskjell for miljøet, seier den daglege leiaren for Nordic Green Products.
 

Tekst og foto: Vigleik Brekke