Meld deg på Sykle til jobben!

Sykle til jobben er ein lågterskel og sosial konkurranse som passar for alle, uansett form. No er tida inne for å melda seg på i konkurransen åleine eller saman med kollegaer og vener. Merk at Sykle til jobben startar 3. mai!

Ill.foto - Klikk for stort bileteIll.foto

Øygarden kommune har via Miljøløftet gratisavtale med Bedriftsidretten/Sykle til jobben. Dette inneber at alle tilsette i Øygarden kommune kan delta i Sykle til jobben 2024 gratis. Sykle til jobben motiverer til ein meir miljøvennlig og aktiv reiseveg og kvardag. All aktivitet til og frå jobb og på fritida gir poeng. Både sykling, gåturar, styrketrening, fotball, fjellturar, hagearbeid og alt anna kan loggast i appen

Konkurransen varer i perioden 3. mai til 16. juni.  Den 3. mai vert det eit fellesarrangement ved NAV-bygget på Straume med markering av oppstart av Sykle til jobben og start av arbeidet med gatestruktur i Grønamyrvegen.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at Sykle til jobben er eit viktig tiltak av fleire grunnar.

- Dette bidreg til betre folkehelse og betre trafikkflyt. Eg oppmodar både enkeltpersonar, tilsette i kommunen og i bedrifter til å delta i Sykle til jobben, seier ordføraren.

Her kan du lesa meir om Sykle til jobben og melda deg på.

Slik går du fram:

1.    Gå inn på www.sykletiljobben.no og trykk meld deg på.
2.    Følg stega med innlogging til Sykle til jobben 2024.
3.    Vel om du deltek åleine eller med ei bedrift.
4.    Dersom du deltek med bedrift: Vel bedrift eller opprett bedrifta. Vel så om du vil bli med på eit lag med kollegaer eller delta åleine. Hugs å føra opp kommune (Øygarden). Då vert all  aktivitet godskriven vår kommune. Øygarden kommune vil gjerne vinna konkurransen med nabokommunane.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto

Det er også mogleg å lasta ned appen Bedriftsidretten og loggføra all aktivitet der.

Hugs at alle typar kvardagsaktivitet vert premierte. Under heile kampanjen får du inspirasjon, utfordringar og høve til å vinna premiar.   


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Bedriftsidretten