Markerte Skogsvåg som ein dysleksivennleg skule

Heile tysdagen denne veka vart brukt til å markera at Skogsvåg skule er ein dysleksivennleg skule. På skuleplassen vart teksten «Skogsvåg skule» skrive ved hjelp av elevar og tilsette.

Slik markerte Skogsvåg skule seg på idrettsplassen - Klikk for stort bileteSlik markerte Skogsvåg skule seg på idrettsplassen

På markeringa gratulerte rektor Lena Fjeldstad alle saman med dagen.

- No har vi fått beviset på at vi er ein dysleksivennleg skule, ein plakett som skal hengja ved inngangen til skulen.

Rektoren fortalde om kjende personar som synest at bokstavar og lesing er vanskeleg. Både kongen, kronprinsen og Erna Solberg har fortalt om korleis det er å ha lese- og skrivevanskar.

- Ein dysleksivennleg skule er ein god skule for alle,  vi er stolte og glade i dag, og det er godt å vera på Skogsvåg skule, sa rektor Lena Fjeldstad.

Dagen starta med forskjellige aktivitetar for alle trinna. Det vart sunge, lest, vist filmsnuttar om temaet og leika med bevegelse. BlimE-dansen er alltid populært. Før dagen var omme vart det framført elevinnslag og spandert kake på elevane.

Skogsvåg skule starta arbeidet med å verta godkjend som dysleksivennleg skule i 2020/2021. I desember 2023 fekk skulen godkjenninga frå Dysleksi Norge.

Leselærar og spesialpedagog Liv Marit Sangolt seier at det var ein fantastisk fin dag og at elevane og lærarane er strålande nøgde med markeringa av at Skogsvåg skule er ein dysleksivennleg skule.

- Vi har i utgangspunktet mange gode tiltak retta mot dei som har lese- og skrivevanskar. Men det er eit ønske om å setja tiltaka i system, seier leselærar og spesialpedagog på Skogsvåg skule. Vi treng både utvida og oppretthalda kompetansen på dette, seier seier Liv Marit Sangolt.

Alle deltok på markeringa på den fine dagen. - Klikk for stort bileteHeile skulen deltok på markeringa på den fine dagen.

Inkluderande og aksepterande miljø

Skogsvåg skule ønskjer å gjera det tydeleg for elevane, heim og skule korleis det vert arbeidd med å førebyggja både lese- og skrivevanskar, matematikkvan skar og/eller språkvanskar. Viktige kjenneteikn på ein dysleksivennleg skule er at det er eit inkluderande og aksepterande miljø, gode system og kompetanse for dei som slik og at ein systematisk kartlegg og registrerer lesedugleiken til elevane. 

Skulen har eigen plan for kartlegging av elevane ved skulen. Det er viktig at leseutviklinga vert følgd opp og at det raskt vert sett inn tiltak som fungerer. Skulen ønskjer å finna elevane som treng særskilt tilrettelagt opplæring tidleg, og at alle elevane får individuelt tilrettelagt opplæring.

Her er fleire bilete:

Frå arrangementet 23. april - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet 23. april - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet 23. april - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet 23. april - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet 23. april - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet 23. april - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet 23. april - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet 23. april - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet 23. april - Klikk for stort bilete

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland og Skogsvåg skule