Markerte Samefolkets dag

Brattholmen skule markerte Samefolkets dag tysdag 6. februar. 

Frå markeringa av Samefolkets dag på Brattholmen skule - Klikk for stort bileteFrå markeringa av Samefolkets dag på Brattholmen skule

3. trinn hadde ansvar for ei livesending på teams for alle elevane på skulen. Der var det song på samisk, intervju med ein tilsett som er samisk og kahoot. Til slutt avslutta heile skulen med BlimE- dansen ute. 

På Brattholmen skule har vi mange nasjonalitetar, og det er viktig å peike på mangfald og inkludering av alle folkegrupper. Det vart ei flott markering på Samefolkets dag.

Lærar Amalie Strømme med flott samekofte - Klikk for stort bileteLærar Amalie Strømme med flott samekofte

Livesending på teams

Elevar frå 3. trinn intervjua Amalie om spørsmål om samisk kultur. Elevane fekk vita at Amalie feirar nasjonaldagen kvart år med andre samar. Amalie har køyrd snøskuter og har familie i Finnmark. Elevane var Sophie Tran og Vetle Fardal Hellebø (sjå bilete under).


Tekst: Ingvill Kvalsnes Blom