Markerte kampen mot antisemittisme

- Antisemittisme er fordom mot jødar og er verdas eldste fordom. Når fordom vert fora med frykt og sinne, endar det opp med hat og vald. Det sa forstandar emeritus Ervin Kohn på krystallnattmarkeringa i Straume Forum torsdag kveld. Også ordførar Tom Georg Indrevik talte til dei 250 personane som møtte opp på arrangementet.

Ervin Kohn - Klikk for stort bileteErvin Kohn

Natta mellom 9. og 10. november var starten på ei landsomfattande jødeforfølging i Tyskland med systematiske valdshandlingar og angrep mot jødar. Odd Bjarne Skogestad, som leia arrangementet, sa at sju tusen jødiske forretningar og bustader vart øydelagde og 91 personar drepne. Krystallnatta (novemberpogromen) markerte starten på ei systematisk jødeforfølging som seinare utvikla seg til Holocaust.  

Må stå opp mot antisemittisme

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at ramma rundt markeringa i år er meir alvorleg enn nokon gong og at ein diverre står framfor ein situasjon som gjer det endå viktigare ha ein tydeleg bodskap. 

Denne dagen skal ein stå tydeleg opp mot antisemittisme.

- Nokre vil diverre nytta denne dagen til ein diskusjon for eller imot det som nå utspelar seg i Midtausten. Då vil eg sitera leiar for Det mosaiske trussamfunnet, Ronen Bahar, som tidlegare i veka sa til VG at det er fullt mogleg å støtta det palestinske folk i si sorg, utan å hata andre. I og med at vi står overfor ei ny antisemittisk bølgje over Europa, er det viktig at vi set fokus på det, sa ordføraren og siterte frå diktet «Du må ikke sove» av Arnulf Øverland.

Ervin Kohn, som også har vore nestleiar i Antirasistisk senter, sa at ein aldri finn nokon evigvarande vaksine mot antisemittisme. Difor treng ein årleg vaksinering. 

- Det handlar om kunnskap på den eine sida og om haldning på den andre sida. Krystnallnattmarkeringa er eitt av verkemidla. Det er viktig å undervisa om dette. Antisemittismen starta med ordet og heldt fram med frykt og fordomar. Og når fordomar vert fora med frykt og sinne, endar det med hat og vald, sa Ervin Kohn og runda av talen sin med å sitera fredsprisvinnaren Eli Wiesel som sa at det motsette av kjærleik er ikkje hat, men likesæle.

Frå venstre; Ervik Kohn, Tom Georg Indrevik og Odd Bjarne Skogestad. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Ervik Kohn, Tom Georg Indrevik og Odd Bjarne Skogestad.

Vert debatten kvelt?

Ingvild Kvalsnes Blom, rektor og politikar, viste mellom anna til den dramatiske krigen mellom Israel og Hamas og ein artikkel av Harald Stanghelle i Aftenposten 8. november om at når konflikten mellom palestinarane og Israel aukar, aukar også antisemittismen.

Ho trekte fram to omgrep som ungdom brukar mykje for tida. Dei snakkar om snitsje som eigentleg betyr tysting og woke som betyr å vera vaken mot det ein meiner er krenkande. 

- Kan dette føra til at meiningar og sanningar stilnar og at den sunne debatten vert kvelt, spurte Kvalsnes Blom.

Kyrkja var reaktiv

Tidlegare politikar, høgskulerektor og professor Egil Morland, sa at det er eit mysterium at jødehatet har lege der heile tida. Han stilte spørsmålet om det er fordi at mennesket alltid har hatt bruk for ein syndebukk. 

Morland har arbeidd med korleis Den norske kyrkja  handterte den tyske okkupasjonen i Noreg og om vedkjenninga prestane presenterte påskedag, 5. april 1942 (Kirkens grunn).

- Diverre var kyrkja sitt forhold til jødane nesten ikkje tema i det heile tatt. Det var nokre prestar på Vestlandet som ville ta opp jødeforfølginga, men det vart ikkje gjort. Vi forsømte høvet vi fekk til å stå opp for jødane. Kyrkja var reaktiv i staden for proaktiv, sa Morland.

På arrangementet var det musikalske innslag ved Ragnvald Ree (piano) og Lars Apelthun (song og gitar). Apelthun framførte mellom anna den israelske nasjonalsongen Hatikvah. Ingalis A Malmo framførte dikt (Inger Hagerup: Til Israel).

31 organisasjonar stod bak arrangementet i Straume Forum. Markeringa vert seinare vist på Bedehuskanalen. 

Her er fleire bilete:

Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Ingvill Kvalsnes Blom - Klikk for stort bilete
Egil Morland - Klikk for stort bilete
Ingaliss A Malmo - Klikk for stort bilete
ragnvald Ree - Klikk for stort bilete
Lars Apelthun - Klikk for stort bilete
Odd Bjarne Skogestad - Klikk for stort bilete


 
Tekst og foto: Vigleik Brekke