Markerte helikopterulukka med blomekrans

I dag er det sju år sidan den tragiske helikopterulukka ved Turøyna. Laurdag la ordførar Tom Georg Indrevik ned blomekrans ved minnestøtta.

Fleire har lagt ned roser og blomar på minnestøtta i dag. - Klikk for stort bileteFleire har lagt ned roser og blomar på minnestøtta i dag.

Det var den 29. april 2016 at helikopteret styrta og 13 menneske omkom. Mellom dei omkomne var Lyder Martin Telle og Odd Geir Turøy frå Øygarden.

- Vi vil alltid hugsa denne dagen og den tragiske ulukka. Det gjorde eit stort inntrykk på oss alle. I dag går tankane våre særleg til dei pårørande, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik

Minnesteinen vart sett opp i april 2019, tre år etter ulukka. Då var det ei større markering med mellom anna pårørande og lokalbefolkninga til stades. Helikopterulukka vart også markert i 2021, fem år etter ulukka.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat