Markerte frigjerings- og veterandagen

I dag er det 78 år sidan Noreg atter vart fritt etter fem år med okkupasjon. Sidan 2011 er også veteranane heidra den 8. mai.
- Med krigen i Ukraina har denne dagen fått ein ekstra dimensjon, sa ordførar Tom Georg Indrevik under markeringa ved minnestøtta i Telavåg.

Frå markeringa i Telavåg. Frå venstre; løytnant Atle Sande, flotiljemeister Karoline Helgevold Hoppstad, ordførar Tom Georg Indrevik, elev Styrk Blomvågnes-Bakke, elev Nora Elise Steinestø og leiar på Nordsjøfartmuseet, Jenny Heggvik. - Klikk for stort bileteFrå markeringa i Telavåg. Frå venstre; løytnant Atle Sande, flotiljemeister Karoline Helgevold Hoppestad, ordførar Tom Georg Indrevik, elev Styrk Blomvågnes-Bakke, elev Nora Elise Steinestø og leiar på Nordsjøfartmuseet, Jenny Heggvik.

Dagen var markert med talar og kransenedlegging ved minnestøtter ved Hjelme gamle kyrkje, Blomvåg kyrkje, Fjell festning, Fjell kyrkje og minnestøtta i Telavåg.

I talen i Telavåg, der vel 60 personar møtte fram, viste Indrevik mellom anna til telavågtragedien.

- Det er ingen som er så berørte som dykk her i Telavåg.  Vi er takksame for alle som har gjeve sitt liv i kampen for fred og fridom. Vi må aldri ta freden for gitt. I tillegg til at vi markerer frigjeringsdagen og veterandagen, handlar dette om minne- og takksemd og perspektiv. Dagen har fått ein heilt spesiell dimensjon med tanke med krigssituasjonen i Europa, sa ordføraren.

Flotiljemeister i Forsvaret, Karoline Helgevold Hoppestad, er sjølv veteran og har tenestegjort i Adenbukta for å sikra sikker skipstrafikk i området.

- Dagen er til minne om dei som gav alt. Eg er stolt av kollegaene i Forsvaret. Når det gjeld tenesta i Adenbukta eg fekk vera med på, er det viktig å minna om at vi treng fartøy ute som sikrar last trygt gjennom dette farvatnet,. Takk for at de er her og at vi får står her saman! sa Helgevold Hoppestad.

Løytnant i Heimevernet HV-09205, Atle Sande, viste også til at det er krig i Europa og at det er viktig at vi markerer denne dagen og ikkje tar freden for gitt.

I Telavåg stilte Sund Blandakor opp med vakker korsong og framførte Fagert er landet, Gud signe Noregs land og Til ungdommen. Koret leia også allsongen for dei frammøtte nasjonalsongen ( Ja, vi elsker) og fedrelandssalmen (Gud signe vårt dyre fedreland). Elevane Nora Elise Steinestø og Styrk Blomvågnes-Bakke (7. klasse på Spildepollen skule) hjelpte ordføraren med å leggja ned krans på minnestøtta.  Arrangementet i Telavåg vart leia av leiar på Nordsjøfartmuseet, Jenny Heggvik.

Fleire markeringar

Ordførar Tom Georg Indrevik talte også og la ned krans ved Hjelme gamle kyrkje og Fjell festning. Varaordførar Torill Selsvold Nyborg talte og la ned krans ved Blomvåg kyrkje og Fjell kyrkje. Ho viste til at det var mange som kjempa for at vi kunne få landet vårt tilbake i 1945. Overalt i Noreg var det døme på mot og motstand, også her i kommunen. Heltane kom i ulike drakter.

Frå markeringa ved Blomvåg kyrkje; varaordførar Torill Selsvold Nyborg og ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteFrå markeringa ved Blomvåg kyrkje; varaordførar Torill Selsvold Nyborg og ordførar Tom Georg Indrevik


- Vi kjenner heltane våre her i Øygarden. Dei gjorde ein heiderleg innsats for vår fridom og sjølvstende. Dei sette sine eigne liv på risk. Desse krigsheltane er ein viktig del av vår historie, og skal ikkje gløymast. Alle saman delte ei erkjenning om at noko er umisteleg, nemleg fridomen , demokratiet, menneskeverdet. Forteljinga må gå vidare til våre barn, slik at vi som nasjon lærer av fortida, sa varaordføraren under streka at å leva i fred er inga sjølvfylgje. Fred er ikkje er noko som skjer eller noko ein har. Fred  er eitt resultat av aktive val, sa ho.

Ved Fjell festning og Fjell kyrkje vart det også lagt ned krans ved Sotra og Øygarden forsvarsforening. Jan Utkilen la ned krans på vegner av Fjell festning.

- Over to tusen russarfangar var på Fjell festning. Totalt var det 13 tusen russarfangar i Noreg under krigen. Dei vart behandla dårleg, men lokalbefolkninga stilte opp. Det er eit paradoks at den krigen Russland no fører er ein trussel mot freden, sa Utkilen.

Dei ulike arrangementa var eit samarbeid mellom Museum Vest, Stiftinga Fjell festning, Heimevernet, Sotra og Øygarden forsvarsforeining, Veteranforeininga, Den norske kyrkje og Øygarden kommune.

Her er fleire bilete

Telavåg - Klikk for stort bilete
Løytnant Atle Sande - Klikk for stort bilete
Flotiljemeister Karoline Helgevold Hoppestad - Klikk for stort bilete
Ordførar Tom Georg Indrevik og elevane Nora Elise Steinestø og Styrk Blomvågnes-Bakke la ned krans i Telavåg. - Klikk for stort bilete
Atle Sande og Karoline Helgevold Hoppestad - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Telavåg - Klikk for stort bilete
Telavåg - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Fjell kyrkje. Frå venstre; Arvid Kaalaas, Torild Selsvold Nyborg, Tom Georg indrevik, Jan Utkilen, John Kjell Fjeld og Svein Berger Bjørge.  - Klikk for stort bilete
Svein Berger Bjørg la ned krans på vegner av Sotra og Øygarden forsvarsforsforening. - Klikk for stort bilete
Jan Utkilen la ned krans på vegner av Fjell festning. - Klikk for stort bilete
Torill Selsvold Nyborg la ned krans på vegner av Øygarden kommune. - Klikk for stort bilete
Fjell kyrkje. - Klikk for stort bilete
Torill Selsvold Nyborg. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Fjell festning. Frå venstre; Vidar Arnesen., John Kjell Fjeld, Arvid Kaalaas, Svein Berger Bjørge, Tom Georg Indrevik, Torill Selsvold Nyborg, Atle Sande og Jan Utkilen. - Klikk for stort bilete
Fjell festning. - Klikk for stort bilete
Jan Utkilen. - Klikk for stort bilete
Atle Sande. - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Fjell festning - Klikk for stort bilete
Blomvåg kyrkje - Klikk for stort bilete
Blomvåg kyrkje - Klikk for stort bilete
Tom Goerg Indrevik - Klikk for stort bilete
Frammøtte ved Hjelme gamle kyrkje - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Audun Sæle, Tom Georg Indrevik og Svein Berger Bjørge. - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete