Manuell dirigering ved Valen sein kveld og natt

I samband med førebuande arbeid med ny rundkøyring ved Liljevatnet barnehage/kulturskule, vert det manuell dirigering på riksveg 555 ved Valen mellom klokka 22.00 og 06.00 frå tysdag 21. november.

Det vert manuell dirigering ved Valen sein kveld og natt frå tysdag. - Klikk for stort bileteDet vert manuell dirigering ved Valen sein kveld og natt frå tysdag. Skisse/kart: Sotra Link

 

I første omgang skal ein rydda vegetasjonen og jamna ut terrenget med sprenging. Arbeidet startar opp i løpet av få veker. 

Les om arbeidet med Sotrasambandet område for område her.