Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Alhild Vassel Eide og Janne Wikstøl.Dagleg leiar Alvhild Vassel Eide hadde mykje å takka for då ho ønskte kundane og dei inviterte gjestene velkomne til nyopninga av gjenbruksbutikken.
- Eg vil retta ei stor takk til medarbeidarane som har stått på seint og tidleg i mange veker for å få dette til. Takk også til Sartor Drange som har ordna med ny veg fram til butikken, sa ho før ordføraren fekk ordet.
Ordførar Tom Georg Indrevik viste til oppstarten for NMS Gjenbruk på Sotra i lokala i Møvika. No er gjenbruksbutikken lokalisert sentralt og strategisk på Straume.
- Det er fantastisk å ha slike plassar. Det som de gjer her, kan bety mykje for andre. Dette er ein butikk med meining, sa ordføraren.
Det var travelt for medarbeidarane denne dagen.Alvhild Vassel Eide fortel at det heile starta med at noko måtte gjerast med lysanlegget som var dårleg og måtte oppgraderast.
- Då oppdaga vi at her kunne det gjerast meir. Vi har fjerna nokre smårom, og vi opplever no at lokala er større, seier ho.
Regionansvarleg for NMS Gjenbruk, Janne Wikstøl, seier at butikken på Straume har fått ein god NMS Gjenbruk-profil etter oppgraderinga.
- Det har ikkje kosta så mykje. Her har dei brukt mykje av det som var her frå før. Liegruppen har vore svært hjelpsame, og 20-25 medarbeidarar har jobba på spreng, særleg dei siste vekene, seier ho.
NMS Gjenbruk Sotra hadde ein omsetnad på om lag 1,5 millionar kroner i 2024. 40 prosent av inntektene går til gode formål. Utgiftene for butikken er avgrensa til husleige, telefon og straum. Alle medarbeidarane jobbar på dugnad.
NMS Gjenbruk på landsbasis har ein årleg omsetnad på om lag 100 millionar kroner.
Tekst og foto: Vigleik Brekke