Løyvde 90 tusen til tiltak for ungdom

Ungdommens kommunestyre (UKS)  løyvde ungdomsmidlar til fem tiltak då det var samla til møte onsdag. Med dette vedtaket har UKS brukt 90 tusen kroner av ein pott på 127 tusen kroner til tiltak retta mot ungdom for 2023. Resten av midlane vert fordelt i ei ny tildeling til hausten.

Frå møtet i ungdommens kommunestyre onsdag - Klikk for stort bileteFrå møtet i ungdommens kommunestyre onsdag

Det kom inn 15 søknader om støtte frå UKS. Etter ei drøfting slutta ungdomspolitikarane seg til tilrådinga frå kommunedirektøren. I prioriteringa hadde kommunedirektøren lagt vekt på aktivitetar som vert drivne av ungdomane sjølv, tiltak som rettar seg mot grupper som ofte fell utanfor organiserte aktivitetar og nye tiltak som ikkje har fått støtte tidlegare.

Dei som får ungdomsmidlar denne gongen er

  • Glesnes ungdoms og idrettslag, utstyr og opprusting av utstyr og instrument      20 000
  • Nest-Sotra FK, drift av ungdomsklubb på klubbhuset                                         20 000
  • Way Forward,ungdomskafe og jentegruppe                                                       10 000
  • Tjeldstø grendalag, aktivitetar for ungdom på Tjeldstø grendahus                       20 000
  • Skogsvåg ungdomslag, legobyggeverkstad på Vaagheim                                    20 000

Folkehelseoversikt

UKS drøfta arbeidet med folkehelseoversikt. I dette arbeidet ønskjer kommunen innsikt og kunnskap frå lokalsamfunnet og innbyggjarane. Ungdomspolitikarane drøfta eigne erfaringar og kunnskap dei har fanga opp om dette temaet.

Dei var opptekne av tiltak retta mot manglande motivasjon til skulegang og ungdom som droppar ut av vidaregåande skule. Dei snakka også om korleis dei opplever praksis med mobilhotell i skulen, rusbruk og vald og kva tankar dei har om framtida. Desse synspunkta vert tekne med i det vidare arbeidet.

Strakstiltak retta mot rusbruk blant ungdom

UKS slutta seg til fem konkrete strakstiltak knytt til ungdom og rus. Øygarden kommune har dei siste åra hatt ein auke i utfordringar knytt til psykisk helse og rusbruk blant barn og unge. Straume-området og Sartor Storsenter har særleg blitt ein opphaldsstad som fører med seg negativ og kriminell åtferd.

Dei strakstiltaka som er føreslått er:

  • Etablering av ei permanent tverretatleg og tverrfagleg ungomsteneste i kommunen samansett av frå ulike tenester i oppvekst og helse.
  • Ein eller fleire stillingar i ungdomstenesta bør setjast av til ettermiddags- og kveldsarbeid og arbeid med særskilt utsette grupper.
  • Som ei del av den permanente etableringa av Ungdomstenesta skal det jobbast vidare med å utgreia ein utekontaktfunksjon som er tilpassa lokale forhold i Øygarden kommune.
  • Øygarden kommune inngår ei avtale med Basecamp om å ha ope fredagskveld til kl. 21, samstundes som ein dei neste åra styrkar dei kommunale klubbane i tråd med behova til dei unge. Det vert sett av 500.000,- til dette formålet i samband med revidert budsjett for 2023. Vidare finansiering vert å komme attende til i budsjett og økonomiplan for 2024 - 2027.
  • Kommunen jobbar vidare med organisering av eit samarbeid med frivillige organisasjonar om å få til Natteravn i Straume-området.

Saka går til endeleg behandling i formannskapet.

Andre saker

Årsmelding 2022 UKS

Årsmeldinga vart teken til orientering. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.

Sluttrapport for parallelloppdrag Straume

UKS tilrår å ta sluttrapporten til orientering og leggja 10 råd for sluttrapporten til grunn for det vidare arbeidet med utviklinga av regionsenteret.

Evaluering av dei kommunale medverknadsorgana for perioden 2019 – 2023

Det varet tilrådd å ta evalueringa til orientering og å be administrasjonen å arbeida vidare med interne retningslinjer for medverknadsorgana. Kommunestyret gjer endeleg vedtak

Utgreiing av kommunale barnevernsplassar i Øygarden

UKS slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om ikkje å etablera kommunale barnevernsinstitusjonar. Det skal jobbast vidare med mål om å etablera eit ressurshus med miljøpersonell. Kommunestyret avgjer saka.

Bustadsosial temaplan og kultur, idrett - og frivilligplan

Ungdomspolitikarane tilrår overfor kommunestyret å vedta dei to planane slik dei ligg føre. UKS har vore involvert i arbeidet med planane. Sakene går til kommunestyret.

Oppstart av arbeid med plan for førebyggande arbeid for barn og unge i Øygarden kommune

UKS tilrår at arbeidet med ein heilskapleg førebyggjande plan vert organisering og gjennomført etter framdriftsplanen som er skildra i saka.

Engasjerer seg i kommune- og fylkestingsvalet

Som ei oppfølging av kommunikasjonsplanen for valet 2023, skal ungdomspolitikarane delta i arbeidet med å auka det politiske engasjementet og oppslutnaden om valet. Fire medlemer i UKS skal vera med i ei gruppe som skal produsera korte videosnuttar for publisering i sosiale medium.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke