Glade friluftsfolk var samla på Sotraplassen på laurdag.I det heile tatt var det mange speidarar og andre på plass på Sotraplassen. Arrangementet var eit samarbeid mellom speidarane, Sotra Øygarden turlag, Sartor Storsenter, BUA Øygarden, Øygarden frivillig sentral og Øygarden kommune. Dei som møtte opp fekk vera med på konkurransar, rebusløp og mykja anna som har med friluftsliv å gjera.
Sotra og Øygarden turlag var ikkje snauare enn at dei spanderte gratis pølse og brød til dei som tok tyren innom. Det var populært.
Sotra og Øygarden turlag spanderte pølser i brød.Demonstrerte båltenning med tennstål
Birk Holbæk går i 6. klasse på Foldnes skule, medan Ella Andenes Lie går i 3. klasse på Kolltveit skule. Dei er begge ivrige speidarar som fekk vera med og demonstrera korleis ein skal tenna fyr med tennstål. Blå Kors-speidarane har samling kvar tysdag.
Demonstrasjon av fyring med tennstål.- Eg starta i speidaren fordi andre vener hadde begynt der og anbefalte det. Det er jo litt kaldt av og til, men det går bra. Vi er vanlegvis på fjell festning, men er vi reiser også på turar andre stader. Eg vil gjerne anbefala dette, seier Birk.
Ella Andenes Lie fortel at broren starta først i speidaren før ho sjølv vart speidar.
- Vi tenner ofte bål når vi samlast. Nokre gonger brukar vi tennstål. Andre gonger nyttar vi fyrstikker. Eg er glad i naturen sjølv om det kan vera litt kaldt av og til, seier Ella.
Birk Holbæk og Ella Andenes Lie.Leiar i Blå Kors-speidaren, Gunvor Bråthen Moe, fortel at rundt 50 barn og unge møtest til samling kvar tysdag. I tillegg til desse samlingane er det helgeturar og sommarleirar.
- Vi ser at barna og dei unge trivst ute i naturen. Det er mykje forskjellige aktivitetar som bygging med stokkar og tau, førstehjelp, spikking og primitiv matlaging. Her får deltakarane gjera noko praktisk i lag, seier Gunvor.
«Grusomme Tom»
Thorbjørn Træen er røyrleggjar, men spanderer mykje tid som leiar i speidararbeidet. Han har vore leiar sidan 2020, men han var også speidar som barn.
Thorbjørn Træen- Det er veldig kjekke barn og unge som er med. Det er kjekt å sjå korleis dei blomstrar. Då eg var speidar opplevde eg ordførar Tom Georg Indrevik som leiar. Han var brutal, men likevel ikkje grufull då han skulle vekka oss om morgonen. Han fekk dermed kallenamnet «Grusomme Tom», ler Thorbjørn.

Sjølv seier ordføraren at friluftsaktivitetar som dette gjev mykje glede for barn og unge. Dei får vera utan i naturen. Han starta som speidar då har var seks-sju år. Seinare vart han leiar.
- Eg fekk vera med på dette som leiar i nesten 20 år, frå rundt 2000 til 2019, seier Tom Georg Indrevik.
Kulturminne- og friluftsrådgjevar Julie Berge Westlye seier at målet med Friluftslivets år er å setja fokus på friluftslivet.
- Arrangementet i dag er ein del av den nasjonale starten på Friluftslivets år. Dette vert markert rundt om i heile landet. Vi skal markera dette med ulike tiltak utover året, og vi ønskjer at folk skal engasjera seg med friluftsaktivitetar i nærmiljøet, seier ho.
Les meir om Friluftslivets år her.
Her er fleire bilete:
Tekst og bilete: Vigleik Brekke