Friluftslivets år 2025

Friluftslivets år er ein invitasjon til å oppleve naturen. Dette året skal fremje friluftsliv som ein viktig del av kvardagen og oppmuntre til å finne glede i naturen rundt seg.

Foto: Paulina Cervenka - Klikk for stort bileteFoto: Paulina Cervenka

Om friluftslivets år 2025

Klima- og miljødepartementet har gitt Norsk Friluftsliv oppdraget med å leie og gjennomføre Friluftslivets år 2025. Samarbeidet inkluderer dei 18 friluftslivsorganisasjonane som er medlem i Norsk Friluftsliv, samt lokale lag og foreiningar, friluftsråd, myndigheiter, fylkeskommunar og kommunar. Målet er å auke merksemda om friluftsliv og dei mange fordelane det gir for både fysisk og psykisk helse. Dette året inviterer alle til å utforske og nyte naturen i sitt eige nærområde. Gjennom offentlege kampanjar og arrangement skal fleire inspirerast til å bruke naturen aktivt og oppdage dei positive verknadene av friluftsliv.

Her kan du sjå friluftslivets år 2025 sin presentasjon, som spesielt lag- og foreiningar bør ta ein titt på.

Kva kan lag- og foreiningar gjere? 

Vi oppmodar alle lag og foreiningar til å planleggje og synleggjere aktivitetane sine i løpet av friluftslivets år, gjerne med mål om å rekruttere nye medlemmar. Dette kan inkludere alt frå fysiske arrangement til foredrag om laget eller foreininga sine aktivitetar. Me kan bidra med å marknadsføre arrangementet, og du vil også kunne bruke logoen for friluftsåret. Treng du eit lokale for eit foredrag eller ein aktivitet, kan me også vere behjelpelege med det. Aktivitetar som inngår i Friluftslivets år kan synleggjerast på kommunen sin aktivitetskalender på nettsida og på Friluftslivets år 2025 sin aktivitetskalender.

Arrangementer i friluftslivets år

På friluftslivets år sin aktivitetskalender kan du sjå arrangementa for din kommune og andre kommunar i landet. Er du arrangør kan du leggje inn ditt arrangement her.

Friluftslivets år 2025 aktivitetskalender