Ledige elevplassar i Øygarden kulturskule neste skuleår

Vil du gå i kulturskulen, men ikkje stå på venteliste?

Kollage for Øygarden kulturskule - Klikk for stort bilete

Vi har fleire ledige elevplassar i desse faga:

  • Fiolin og bratsj
  • Slagverk
  • Song og kor
  • Tverrfløyte
  • Dans

Som elev på desse tilboda, får du som andre elevar undervisning kvar veke, tilbod om deltaking på konsert/førestilling, og høve til å delta i eit musikalsk og flott elev- og læringsmiljø.

På nettsida til Øygarden kulturskule finn du oversikt over fleire fag og instrument du kan læra deg. Du finn også informasjon om korleis du kan søkja plass i kulturskulen.