Korleis fungerer ungdommens kommunestyre?

Det handla mellom anna om opplevinga av det politiske arbeidet då ungdommens kommunestyre (UKS) var samla på tysdag.
- Mykje fungerer godt, men det har vore for lite opplæring for UKS i denne valperioden, var noko av det som kom fram på møtet.

Frå møtet i UKS tysdag. - Klikk for stort bileteFrå møtet i UKS tysdag.

Både UKS, råd for menneske med funksjonsnedsetjing og eldrerådet skal denne veka drøfta erfaringane med det politiske arbeidet. Utgangspunktet for drøftinga er sju tema/spørsmål.

Ungdomspolitikarane er nøgde med sekretariatsfunksjonen, men at det har vore litt for mange utskiftingar av sekretærar. Det er gjeve mange gode orienteringar til UKS. UKS er generelt godt nøgde med å verta involvert i ulikt planarbeid. Døme på dette er arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen og at UKS er representert i vurderingskomiteen for parallelloppdrag Straume. Det er gjeve ei rekkje forslag til budsjettet, men UKS har ikkje så mykje kunnskap om forslaga har fått gjennomslag.

På minussida nemnde ungdomspolitikarane at det burde vore gjeve meir opplæring for UKS i starten av valperioden. Sakene er gjerne litt uklare og krevjande å forstå.

Ungdomspolitikarane har ved fleire høve snakka om å engasjera seg meir på sosiale medium. Arbeidet med dette har dei ikkje fått gjort nok med, og det er semje om at UKS heretter skal verta meir aktive på sosiale medium. Ei ny aktuell plattform er TikTok.

Folkehelse

Samfunnsplanleggjar Kristian Espeseth orienterte om arbeidet med folkehelseoversikt som etter planen skal vera ferdig innan sommaren. Saka vert sett på sakskartet til UKS på neste møte (mai). Fram til då skal UKS-medlemene, gjerne med utgangspunkt i spørsmål frå folkehelseoversikta, innhenta innsikt frå ungdomsmålgruppa og ta dette med inn i behandlinga av saka på neste møte.

Løysingar for mjuke trafikantar på Trengereid

I samband med utvikling av bustadområde på Trengereid i gangavstand til Skogsskiftet kommunedelsenter, er det presentert to alternativ for mjuke trafikantar. Det eine er fortau på austsida av noverande fylkesveg 555, medan det andre alternativet er gang- og sykkelveg i terrenget. Det vart ikkje gjort formelt vedtak, men signala frå UKS er at ein føretrekkjer alternativet med gang- og sykkelveg i terrenget.

Andre saker

  • Innspel til utkast for bustadsosial temaplan 2023-2032 og innspel til utkast til strategisk plan for kultur, idrett og frivilligheit 2023-2027.
    Det vart ikkje gjeve innspel frå UKS i desse sakene.
     
  • Arbeid med handlingsplan
    Ungdomspolitikarane gjekk gjennom aktuelle tiltak i handlingsplanen for UKS. Dei skal framover mellom anna prioritera arbeidet med å profilera UKS på sosiale medium. UKS ønskjer også å engasjera seg i arbeidet med å skapa interesse for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023.

Innleiingsvis orienterte rådgjevar Kristoffer Møvik om busetjing av flyktningar. Det vart busett 200 flyktningar i 2022. 170 av desse kom frå Ukraina. Kommunestyret har gjort vedtak om å ta imot like mange flyktningar dette året. Møvik orienterte også om introduksjonsordninga for vaksne i alderen 18 til 55 år og om innføringsklassar på tre av grunnskulane i Øygarden. Det vert også arbeidd med å få flyktningane i arbeid. Den 9. mai vert det arrangert jobbmesse.
 

Tekst og foto: Vigleik Brekke