Konrad Ørn skal leia ungdomsrådet

Ungdomsrådet Konrad Ørn som leiar og Eivind Økland som nestleiar av ungdomsrådet då det nyvalde rådet hadde sitt første møte tysdag ettermiddag.

Ungdomsårdet - Klikk for stort bileteUngdomsrådet januar 2024. Frå venstre; Trym Elias Lie, Eivind Økland, Konrad Ørn, Alva Bertine Kilvik, Susanne Thorsen Berg, Helene Glesnes, Aksel Kalgraff Håkonsund, Karoline Solbakk, Rebekka Kvål, Helene Fjeldsaune Sæle og Leon Tobias Stokke.

Både Konrad Ørn og Eivind Økland er elevar på Sotra vidaregåande skule. 

Forskrift om elsparkesyklar 

Ungdomsrådet støttar framlegget om ei ramme på 325 elsparkesyklar i Øygarden. I tilrådinga til forskrift om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn er maksgrensa for syklar i dei ulike sonene fordelt slik:

  • Straume-området    200 syklar
  • Rong-området          35 syklar
  • Ågotnes-området      50 syklar
  • Skogsskiftet-området      40 syklar
     

Det er føreslått å gje løyve på inntil to tilbydarar i inntil tre år. Tal og plassering kan vurderast på nytt etter ein prøveperiode på tre månader.

Saka skulle etter planen behandlast i kommunestyret den 20. desember. Men det vart då vedteke å senda saka tilbake til administrasjonen slik at råda (eldrerådet, ungdomsrådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne (skulle få gje uttale i saka).

Saka om forskrift går no til endeleg behandling i kommunestyret.

Merknader frå ungdomsrådet

Ungdomsrådet tilrår reglement for ungdomsrådet i Øygarden slik det ligg føre med desse merknadane:

  • Endring i punkt 1 for å harmonera punkt 4.3 i reglementet. Den politiske kontaktpersonen har også forslagsrett:
    Kommunestyret skal velja ein politisk kontaktperson for rådet blant sine medlemmar. Vedkommande har møte-, tale- og forslagsrett i rådsmøta, og skal fungere som bindeledd mellom ungdomsrådet og øvrig politisk verksemd.
     
  • Endring i punkt 6 då møte i kommunestyret 15.02.24 er flytta til 22.02.24:
    Reglementet for Øygarden ungdomsråd er fastsett 22. februar 2024.

Reglement for ungdomsrådet

Ungdomsrådet tilrår reglement for ungdomsrådet i Øygarden slik det ligg føre med desse merknadane:

  • Endring i punkt 1 for å harmonera punkt 4.3 i reglementet. Den politiske kontaktpersonen har også forslagsrett:
    Kommunestyret skal velja ein politisk kontaktperson for rådet blant sine medlemer. Vedkomande har møte-, tale- og forslagsrett i rådsmøta, og skal fungera som bindeledd mellom ungdomsrådet og øvrig politisk verksemd.
     
  • Endring i punkt 6 då møte i kommunestyret 15.02.24 er flytta til 22.02.24:
    Reglementet for Øygarden ungdomsråd er fastsett 22. februar 24.


Planstrategi

 samband med referatsaker kom ungdomsrådet med innspel til planstrategien for Øygarden kommune 2024-2027. Der heiter det at ungdomsrådet ønskjer at kommunen har fokus på attraktivitet framover. Det handlar både om å utvikla Øygarden kommune som ein attraktiv plass å bu, med varierte bustadar. 
- Vi må også sikra god næringsutvikling i kommunen, samtidig som vi ikkje må bygga ned meir natur enn nødvendig, heiter det frå ungdomsrådet.


Tekst og foto: Vigleik Brekke