Klare for å konkurrera i NM

Dei to ungdomsbedriftene innan kokk- og servitørfaget på Sotra vidaregåande skule gjorde det skarpt i fylkesmeisterskapen i Ungt entreprenørskap Vestland denne våren. Ordførar Tom Georg Indrevik overrekte i dag gullbillett til den eine bedrifta for deltaking i Noregsmeisterskapen i ungdomsbedrift 2023 i Lillestrøm i slutten av april.

Frå venstre; Trifoze Kanyere,  Darian Fjell Østerfeldt, ordførar Tom Goerg Indrevik, Velina Mitreva, Sofie Midttun og Gry Sæterdal. Kristoffer Iversen var ikkje til stades. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Trifoze Kanyere, Darian Fjell Østerfeldt, ordførar Tom Goerg Indrevik, Velina Mitreva, Sofie Midttun og Gry Sæterdal. Kristoffer Iversen var ikkje til stades.

Dei fem elevane som står bak bedrifta Mat Sparar UB, skal konkurrera med 80 andre ungdomsbedrifter i NM.  Dette konseptet går ut på å samla inn brød frå Bunnpris på Ågotnes og laga krutongar. Smulane vert samla i eit bonusprodukt; brødkrumme.

- Krutongane kan brukast som snacks eller vera ein del av ein salat. Vi får brød av alle typar gratis på Bunnpris. Vi hentar brøda kort tid før produksjon, kuttar dei opp og tilset olje og krydder før vi varmar bitane i omnen, seier Melina Mitreva.

Mat Sparar UB fekk fire prisar i fylkesmeisterskapen. Denne bedrifta fokuserer på matsvinn. Det vert vist til at ein tredel av maten som vert produsert i verda, endar opp som matsvinn. Mat Sparar produserer også banangranola laga av mørke/svarte bananer og banansirup av bananskal.

Frå venstre; Brita Engseth (lærar), Trifoze Kanyere, Darian Fjell, Velina Mitreva, Fredrik Hjelme, Maria Utvær, Daniel Vangsnes og Gry Sæterdal. Adrian A. Nesse var ikkje til stades. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Brita Engseth (lærar), Trifoze Kanyere, Darian Fjell, Velina Mitreva, Fredrik Hjelme, Maria Utvær, Daniel Vangsnes og Gry Sæterdal. Adrian A. Nesse var ikkje til stades.

Holy Sheep UB fekk to prisar. Denne bedrifta produserer burgarar med ulike smakar og kjøttbollar laga av sauekjøt. Målet er å visa at sauekjøt er godt og å få redusert mengda av sauekjøt som vert kasta.

- Vi brukar kortreist mat og kjøper kjøtet frå Strilalam. Vi vil gjerne at folk et meir sauekjøt. Vi kokar også kraft av avskjer av kjøt for å utnytta det mest mogleg, seier Fredrik Hjelme i Holy Sheep UB.

Elevane vi møtte onsdag morgon, går på VG2. No ventar ein periode på to år med lære. Alle elevane på kokk- og servitørfaget har fått avtale om lærlingplass eller vidareutdanning.

- Vi er kjempestolte av det dei har utretta og oppnådd, seier lærar Brita Engseth.

Gry Sæterdal er dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Vestland.  

- Elevane som står bak Mat Sparar UB får delta i NM i Lillestrøm over to dagar der dei skal konkurrera med vel 80 bedrifter. Vi har hatt 110 ungdomsbedrifter i sving i Vestland og over 100 dommarar har vurdert alle ungdomsbedriftene som har delteke i fylkesmeisterskapen, seier ho.                             

Ordførar Tom Georg Indrevik var imponert over det dei to ungdomsbedriftene oppnådde i fylkesmeisterskapen.

- Det er fantastisk at ein av bedriftene går vidare. Gjennom ungdomsbedriftene lærer elevane mykje om korleis det er å vera tilsett og sjølv å driva bedrift, seier han.                                                                                                               

Krutong frå Mat Sparar  - Klikk for stort bileteKrutong frå Mat Sparar

 

Produkt frå Holy Sheep - Klikk for stort bileteProdukt frå Holy Sheep

 

 

 

 

                                
 

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                     

Tekst og foto: Vigleik  Brekke