Klara Breivik 100 år: - Eg vil helst klara meg sjølv

Fredag 15. september var ein stor dag for Klara Breivik og familien hennar. Ein av gjestene var ordførar Tom Georg Indrevik.

Jubilanten Klara Breivik saman med ordførar Tom Georg Indrevik til venstre og sonen Trygve Breivik til høgre, - Klikk for stort bileteJubilanten Klara Breivik saman med ordførar Tom Georg Indrevik til venstre og sonen Trygve Breivik til høgre.

Klara gifta seg med Nils Breivik jonsokaftan i 1956 i Domkirken i Bergen. Som 36-åring flytta ho til Breivik og dreiv eit gardsbruk med Senosen og storhavet som nærmaste nabo.

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at han sette pris på å få besøka Klara på 100-årsdagen. Han opplevde henne som ein vital og sprek 100-åring som bur heime.

Klara vaks opp på Sekkingstad og var yngst i ein syskenflokk på sju. Ho vart konfirmert i 1938 og budde heime under 2. verdskrigen. Klara har hatt ulike huspostar i Bergen og arbeidde i fem år på hermetikkfabrikken på Kolltveit. Etter at ho gifta seg, flytta ho til Breivik i 1956. Her vart ho heimearbeidande småbrukarkone fram til ho vart enke i 1993.

Ordføraren overrekte blomehelsing frå kommunen. - Klikk for stort bileteOrdføraren overrekte blomehelsing frå kommunen.

Klara er ei kvinne som ikkje krev så mykje. Ho er stillfarande. Ho gjorde si plikt på gardsbruket medan mannen var på sjøen og dreiv fiske.

Klara har hatt ei god helse. Ho bur heime på Breivik, men får hjelp frå heimetenesta i kommunen og familien som bur eit steinkast frå henne.
- Eg vil helst klara meg sjølv er mottoet hennar.


Tekst og foto: Ottar Vik