Klar for levering av middag på døra

Tidleg i september er Husets Spiseri klar for å levera middag på døra til seniorar 65+ i heile Øygarden.

Frå venstre; Rune Torsvik (medeigar), Mandy Goldman (avdelingsleiar) og Anne Grete Andersen (prosjektkoordinator i Øygarden)  - Klikk for stort bileteFrå venstre; Rune Torsvik (medeigar), Mandy Goldman (avdelingsleiar) og Anne Grete Andersen (prosjektkoordinator i Øygarden)

Kommunen har inngått samarbeid med Huset Spiseri om leveranse av kald eller varm middag minst to gonger i veka til seniorar 65+.

Hallvard Måge i Huset Spiseri opplyser at det er mogleg å bestilla middag frå 99 kroner. Prisen for varm middag er 149 kroner. I tillegg kjem 50 kroner i frakt. Det er også tilbod på dessert.

Etter ein prøveperiode i sommar, har Husets Spiseri hausta erfaringar på kva innbyggjarane ønskjer.

- Allereie no kan folk frå heile nye Øygarden ta kontakt allereie no og bestilla varm eller kald middag. Vi legg stor vekt på at maten skal koma trygt fram, seier Hallvard Måge.

Leva heile livet

Tilbodet om leveranse av mat på døra til seniorar er eit resultat av arbeidet i prosjektgruppa Leva heile livet. God og ernæringsrik mat er grunnleggjande for god helse og livskvalitet gjennom heile livet.

Leverandøren har ansvar for at alle krav til hygiene og pakking/emballasje vert følgde og at maten har forskriftsmessig temperatur ved leveranse.

- Kjøp av levert middag på døra er ein privat avtale mellom Husets Spiseri og kjøpar. Kommunen legg til rette for at folk skal få levert mat på døra på ein trygg måte, seier prosjektkoordinator i Øygarden kommune, Anne Grethe Andersen.

Les plakat om tilbodet her. (PDF, 7 MB) (PDF)


Tekst og foto: Vigleik Brekke