Karen Torsvik runda 100

Karen Torsvik, eller Karen på Nortun som ho vart kalla på folkemunne, fylte 100 år den 25. september.

Jubilanten Karen Torsvik fekk besøk av ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteJubilanten Karen Torsvik fekk besøk av ordførar Tom Georg Indrevik.

Ordførar Tom Georg Indrevik var på plass og overrekte blomar til jubilanten.

- Det var ei svært sprek og oppegåande dame eg møtte. Ho har heile livet vore engasjert i samfunnet rundt seg. Det var ei flott feiring for henne der ho fekk ha familien og vener rundt seg. Vi hadde ein god samtale, seier Tom Georg Indrevik etter besøket.

Karen vaks opp på Strandheim i Torsvik. Dei var sju søsken som vaks opp i lag. Fire av dei har nådd ein høg alder. Karen gifta seg med Magnus ein stormfull dag i 1946 i Blomvåg kyrkje. Dei fekk fire barn.

Karen flytta ikkje langt vekk frå barndomsheimen sin. Dei slo seg ned på Nortun litt lengre nord på Torsvik-garden. Foreldra til Magnus hadde eit lite gardsbruk, som dei overtok. I den tida kunne det bu fleire generasjonar i same hus. Slik var det også på Nortun. Magnus var mykje ute og reiste på sjøen. Dermed fall det meste av arbeidet heime på Karen.

Frå feiringa på sjølve dagen, 25. september. - Klikk for stort bileteFrå feiringa på sjølve dagen, 25. september.

Karen Torsvik har vore eit sosialt menneske. Då det var husmorlag på Toftøyna, var dette ein av hennar sosiale arenaer. Her samlast dei fleste kvinnene frå heile øya.

Dei skipa til fest på skulehuset, arrangerte turar og dei lærte å stå framfor eit publikum. Karen med si strålande framtoning og gode humør vart populær. Ho las godt og hadde mange morsame og interessante emne.

Karen har vore viktig for generasjonen etter. Ho tok den nye tida med eit ope sinn. Då husmorlaget vart lagt ned, melde Karen seg inn i pensjonistlaget. Der ho har vore aktiv medlem. Så seint som i haust har Karen hatt høgtlesing når pensjonistlaget har hatt samling.

Ho bur heime, men får litt hjelp frå helsetenesta i kommunen og sine næraste som bur i nærleiken.

På den store dagen inviterte Karen slekt, vener og bygdefolk på kaffibesøk. Det vart folksamt på Torsvik-huset.

 

Tekst og foto: Ottar Vik