Kantklipping

Avdeling Veg og park startar med den årlege kantklippinga langs kommunale vegar i veke 25, og arbeidet vert sluttført rundt juletider. Utstyret er grovt maskinelt og eignar seg difor dårleg i bustadområde. Vi ser det difor som ein føremon at grunneigarane sjølve tek ansvar i slike område.

Maskin som utfører kantklipping - Klikk for stort bilete

Trafikktryggleik er også ditt ansvar

Klipp hekkar og busker ved eigedomen din, slik at bilistane ikkje overser syklistar og gåande. På den måten tar du ditt ansvar, og du bidrar til større tryggleik i lokalmiljøet!

Eig eller disponerer du ein eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg, eller ligg eigedommen din inntil eit vegkryss? Da er det ditt ansvar å sørgje for fri sikt ved di avkøyrsle og mot vegkryss (jf. Veglova §31 og §43). Vi håpar at du gjennomfører nødvendige tiltak på vegetasjonen slik at alle kan gå, sykle og køyre trygt forbi eigedomen din.

Ved spørsmål, ring Veg og park på telefon 56 16 00 00.

På nettsida til Statens vegvesen finn du meir informasjonsjon og illustrasjonar om klipping av hekkar og buskar.