Justerer to krinsgrenser frå skuleåret 2025/2026

Vedtaket om barnehage- og skulebruksplan fører til at skulekrinsane mellom Brattholmen og Hjelteryggen vert justerte frå komande skuleår. 

Brattholmen skule (til venstre) og Hjelteryggen skule. - Klikk for stort bileteBrattholmen skule (til venstre) og Hjelteryggen skule. Øygarden kommune

I desember vedtok også kommunestyret å justera krinsgrensa mellom Landro og Toftøy skular. Det vert seinare gjeve informasjon om korleis denne justeringa skal gjennomførast.

Vedtaket i kommunestyret inneber at det vert gjennomført krinsjustering mellom Brattholmen og Hjelteryggen frå og med skuleåret 2025/26. Valen-området (frå nord for gamle Arefjord bru) vil frå då av høyra til Hjelteryggen skulekrins. 

Elevar som startar på 1. trinn, og har søsken som allereie går på Brattholmen skule, kan velja om dei vil begynna på Brattholmen eller Hjelteryggen.

Vedtaket i kommunestyret

I samband med behandlinga av barnehage- og skulebruksplan for Øygarden kommune i desember 2024, gjorde kommunestyret slikt vedtak i sak nummer: 23/19755 - Barnehage- og skulebruksplan 2024-2040:

1. Kommunestyret vedtek tiltaka i barnehage- og skulebruksplanen for Øygarden kommune fram til 2028.
2. Kommunestyret vedtek følgjande endringar i framlegget frå  kommunedirektøren for valperioden 2023-2027;

  • Krinsgrensejustering Misje og Turøy krins til Toftøy skule frå august 2025.
  • Ferdigstilling av Fjell ungdomsskule i denne perioden.
  • Setja i gang bygging av ny barneskule på Møvik til erstatning for Ulveset og Skålevik skular med ferdigstilling i 2029. 
  • Igangsetting, planlegging av ny, eller rehabilitering av barneskule på Ågotnes i 2027.  
     

3. Endringar i framlegget i perioden 2028-2040 til ny barnehage- og skulebruksplan vert å koma tilbake til i samband med rullering kvart 4. år, første gang i 2028. I forkant av dette skal det hentast inn oppdaterte folketal- og elevtalsprognosar som skal leggast til grunn for eventuelle justeringar i planen.