Jo, eg er glad for prisen

Sverre Sangolt fekk onsdag kveld overrekt kulturminneprisen til Sund sogelag.
- Eg er sjølvsagt glad for å få ein slik pris, seier prisvinnaren.

Sverre Sangolt (til høgre) fekk overrekt diplom og fem tusen kroner frå leiar i Sund sogelag, Gerhard Inge Storebø.

Sverre Sangolt fekk onsdag kveld overrekt kulturminneprisen til Sund sogelag.

Oljearbeidar og fiskarbonde Sverre Sangolt får prisen for sin framståande innsats i å ta vare på kulturminna i Sund og vidfemnande og langvarige arbeid med formidling og fysiske tiltak innan kulturvern.

- Når eg fekk vita at eg skulle få prisen, lurte eg no på om det ikkje var andre som heller kunne fått prisen, seier Sverre Sangolt.

- Kva er det som driv deg i kulturminnearbeidet?

- Eg har jo interesse for kystkultur og historie generelt. I dag er det mykje som forsvinn ut av manns minne, seier han.

I grunngjevinga for prisen vert det mellom anna vist til Sangolts bidrag i boka «Frå Tyssøy til Tekslo» med fiskerihistorie og fiskefartøy og hans omfattande arbeid i prosjektet «Ny næring i gamle bygg i strandsona».

- Det starta i 2008 då eg lagde eit notat om dei forfalne nausta. I dette prosjektet samarbeidde vi med fylkeskonservatoren og Fylkesmannen (no Statsforvaltaren) og ordførarane frå dei fire kommunane Bømlo, Austevoll, Radøy og Sund. Ein del naust vart restaurerte, og vi jobba for å få ny aktivitet i nausta, seier prisvinnaren.

Kultursjef i Øygarden, Marian Guddal Hansen talte og overrekte blomar og gåvebok til prisvinnaren. - Klikk for stort bileteKultursjef i Øygarden, Marian Guddal Hansen talte og overrekte blomar og gåvebok til prisvinnaren.

Imponerande omfang

Kultursjef Marian Guddal Hansen talte til prisvinnaren og overrekte blomar og gåvebok. Ho viste til at arbeidet med kulturminnevernet, som er under press, er viktig for kommunen, særleg etter samanslåinga av dei tre kommunane.  

- Gjennom livet ditt har du kombinert det praktiske og det intellektuelle på ein imponerande måte. Som fiskarbonde, som kulturformidlar og som pådrivar, har du heile tida arbeidd for å ta vare på det som er vår historie, våre kulturminne og vår identitet. Det er nettopp fiske og kystkultur som har vore hjartesaka di. Du har gjennomført eit arbeid av imponerande omfang som vil ha stor verdi for framtidige generasjonar, sa kultursjefen som også roste Sverre Sangolt for sitt arbeid for nynorsken gjennom Sotra Mållag.

Prisvinnaren har også engasjert seg i arbeidet til Hope trebåtlag med å restaurera ein gamal gavlbåt.

- Vi drog båten i land i Skogsvågen, og i sommar var båten ferdig reparert. Skogsvåg skule kan no nytta båten som ein del av undervisninga, seier Sverre Sangolt. 

Gavlbåt - Klikk for stort bileteGavlbåten som er restaurert. Privat

Sverre Sangolt har også bidrege til at gamle stadnamn vert haldne i hevd.

- Då Skogsvåg fekk ny skule i 1997 var eg med og namnsette klasserom. Romma vart kalla opp etter stadnamn i strandsona. Dette har ført til at elevane har fått undervisning og kunnskap om opphavet til namna, seier han.

Sverre Sangolt representerte Sund sogelag i bygdeboknemnda frå oppstarten av arbeidet med verket “Sund på søre Sotra” i 2007 til band 6 kom ut i 2019. Han var fotoansvarleg og pådrivar for innsamling av bilete.

- Bokverket utmerkar seg med seg med omfattande bruk av bilete som byggjer opp under historieformidlinga. Sverre Sangolt har skrive fleire artiklar i Havstrilen. Han har medverka til utgjevinga av tre årbøker frå Skogsvåg. No er han aktuell med ny bok om Statfjordfeltet - arbeidsfolka og aktivitetar, skriv sogelaget i grunngjevinga for prisen.

Sverre Sangolt fekk overrekt diplom og fem tusen kroner på markeringa på Nordsjøfartmuseet onsdag kveld. 

Her er fleire bilete frå markeringa:

Sverre Sangolt - Klikk for stort bilete
Sverre Sangolt og kona Linda. - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Gerhard Inge Storebø, Vidar Klepsvik og to andre tilsette hjå Klepsvik & sønn/Klepsvik mat som er sponsor for kulturminnelaget, Sverre Sangolt og Marian Guddal Hansen. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Gerhard Inge Storebø og Sverre Sangolt - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Marian Guddal Hansen og Sverre Sangolt - Klikk for stort bilete
Gerhard Inge Storebø, Sverre Sangolt og Vivian Steinsland som bidrog med song på arrangementet. - Klikk for stort bilete

 

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Halvor Skurtveit