Inviterer til kunstLab på Frihuset

Frå 16. april inviterer Øygarden kulturskule elevar frå 5. til 10. trinn til kreative kunstsamlingar på Frihuset på Ågotnes etter skuletid.

- Vi har sikra oss gode ressurspersonar til å gjennomføra tilbodet om kunstLab fram til sommarferien, seier avdelingsleiar ung kultur, Hilde Kristin Egeland.

Maryna og Kostyantyn Karynyk - Klikk for stort bileteMaryna og Kostyantyn Karynyk

Det er det ukrainske ekteparet Maryna og Kostyantyn Karynyk som skal stå for undervisninga og leia samlingane som er kvar tysdag frå 16. april fram til sommarferien. Dei to bur i Bergen, men er allereie med som tilsette og frivillige på Ågotnesklubben på Frihuset.

- Det er viktig å tilby skapande og kreativ aktivitet for barn og unge. Vi vil tilby stor variasjon når det gjeld aktivitetar. Elevane på mellomtrinnet likar det meste. Når det gjeld elevane på ungdomstrinnet, snakkar vi med dei og blir kjent og kjem saman fram til aktuelle aktivitetar, seier Maryna.

Fire grupper

Det er plass til 8 – 10 personar på kvar gruppe. KunstLab er gratis og vert gjennomførte slik:

  • Gruppe 1: Stein, saks og papir – Tysdagar kl. 14.00 – 15.30 
    Kunst og handverk for elevar på 8. – 10. trinn.
    Innhald: Måling på vinylplater, bruk av materiale frå naturen, fluid art (moderne kunst) m.m.
     
  • Gruppe 2: Sterke fargar – Tysdagar kl. 14.00 – 15.30
    Målekurs for elevar på 8. – 10. trinn
    Gouache-maleri, akrylmaling og bruk av palettkniv m.m.
     
  • Gruppe 3: Sterke fargar – Tysdagar kl. 17.00-18.30
    Målekurs for elevar på 5. – 7. trinn
    Gouache-maleri, akrylmaling og bruk av palettkniv m.m.
     
  • Gruppe 4: Magisk skulptur – Tysdagar kl. 17.00 – 18.30
    Kurs i leire, plastelina, plastelinamåleri, modellering og leire i handverk.

Her kan du melda deg på

Hilde Kristin Egeland seier at desse gratiskusa vert gjennomførte som eit tilbod i kulturskulen. 

- Det er eit satsingsområde som kjem etter at politikarane løyvde 900 tusen kroner ekstra til kulturskulen på budsjettet for 2024. Tidspunkta for kunstLab-samlingane for gruppe 1 og 2 er tilpassa skuletida for Tranevågen ungdomsskule, seier Egeland.

Maryna og Kostyantyn Karynyk ønskjer å samarbeida med foreldra når det gjeld aktivitetane.

- Vi er overtydde om at kreativ aktivitet er positivt for den psykiske helsa. Med dette tilbodet får barna og dei unge kurs av høg kvalitet utan å måtta reisa langt, seier Maryna.

Ekteparet kom til Noreg i november 2022. Dei budde i byen Mariupol som tidleg vart angripen av Russland og påført store materielle skadar. Byen er okkupert av Russland.

- I Mariupol dreiv vi eit privat kunsttilbod. I Ukraina må foreldra betala for slike tilbod. Tilbodet her i Øygarden er gratis, seier Maryna.


Tekst og foto: Vigleik Brekke